NRK Meny
Normal

Ord etterlysast

Ordboksamlarar søkjer ord og uttrykk frå Finnmark.

Norsk Ordbok samlar ord frå det norske talemålet og nynorsk skriftspråk. Til no er ord frå bokstaven A til og med ordet jåttut samla i fem bind. Innan grunnlovsjubileet i 2014 skal norske ord frå resten av alfabetet bli samla i sju nye bøker, og i ein database på internett.

Røyserter
Foto: Midt-Troms Museum

Treng alle typar ord

Målet med denne ordboka er ikkje å lage eit oppslagsverk i rettskriving, men eit historisk oppslagsverk, som viser kva ordtilfang dei norske dialektane har hatt.

– Vi treng ord i frå arbeidsliv, ord som gjeld menneskekroppen, ord som gjeld klesdrakt, fisk, fuglar og reindrift, fortel redaktør i Norsk Ordbok, Eli Johanne Ellingsve.

Til no har ho ikkje fått inn så mange ord frå finnmarksdialektane, og håpar at fleire vil setje seg ned og tenkjer over korleis dei snakkar, for så å skrive ned orda og sende dei til Norsk Ordbok.

Viktig historisk dokumentasjon

– Det er svært viktig å få ord frå Finnmark. Her har det ikkje vore tradisjon for å samle inn ord, i samme utbreiing som elles i landet. Andre stader begynte dei å samle ord på 1600-talet, mens finnmarkingane begynte 200 år seinare, seier Ellingsve.

– Etter krigen og brenninga vart det nye arbeidsmetodar og delvis ny arbeidsreiskap. Då forsvann samstundes mange av orda frå det gamle arbeidslivet. Dei som framleis hugsar desse orda begynner å bli gamle, og det er viktig å få samla dei inn, avsluttar Ellingsve, som sjølvsagt også tar i mot ord frå Troms og andre norske fylke.

Les meir på Norsk Ordbok sine nettsider

Test kunnskapen din om finnmarksord her