NRK Meny
Normal

Dømt for dødsran

To menn dømt for dødsranet i Tana i fjor.

Tor-Alfred Utsi og Tor Egil Pettersen frå Tana er dømt til 7 og 8 års fengsel for ran med døden til følgje, og ei rekkje ran og innbrot hos eldre menneske i Tana.

Mennene på 34 og 38 år vart òg dømt til å betale erstatning og oppreising på 70 000 kroner til dei fornærma, i Indre Finnmark tingrett i dag.

Bad om forvaring

Aktor bad om ti års forvaring for Pettersen, mens han bad om ni års fengsel for Utsi. Tiltalen var omfattande, og det mest alvorlege punktet var ranet av 71 år gamle Nils Erling Henriksen i Tana i april i fjor. Han døydde av hjerneinfarkt dagen etter.  

Forsvararne til dei to Tana-mennene bad om frifinning frå hovudtiltalen om ran med døden til følgje, fordi dei meinte valdsbruken under ranet ikkje var den direkte årsaka til at Henriksen døydde. Det er førebels ikkje klart om dei to mennene vil anke dommen.

Både Tor Egil Pettersen og Tor-Alfred Utsi har fleire dommar bak seg.