Hopp til innhold

Dømt for å ha kjøpt narkotika med internettpengar

Mann i tjueåra dømt til 90 dagar samfunnsstraff etter å ha kjøpt narkotika på internett.

Trondenes tingrett

Mannen i tjueåra er dømt til 90 dagar samfunnsstraff etter å ha kjøpt narkotika med internettpengar, bitcoins.

Foto: Nils Mehren / NRK

Ein mann i tjueåra måtte nyleg møte i Trondenes tingrett, tiltalt i ein narkotikasak. I løpet av sommaren og hausten 2014 kjøpte mannen ved fleire høve ulike narkotiske stoff gjennom internetthandel.

I august og september i 2014 blei pakkar som var adressert til mannen stoppa i tollen, både i Akershus og i Troms. Pakkane inneheldt narkotiske stoff som amfetamin og LSD, i tillegg til at det blei gjort beslag av ein pakke som inneheldt 200 blå tablettar som inneheldt Diazepam.

Det vart også gjort ransaking av mannen sin heim to gongar. Da fann politiet hasj og narkotiske tablettar.

I dommen kjem det også fram at kontoutskriftene til mannen viste at han over lengre tid hadde overført store pengesummar til Sunde Bitcoinhandel, som driv med kjøp og sal av den digitale valutaen bitcoins. Bitcoins er ein valuta som gjer at både kjøpar og seljar kan vere heilt anonyme, og som ofte vert omtala som «internettpengar». Mannen opererte på fleire illegale narkotikamarknad på internett, ifølgje dommen frå Trondenes tingrett. Kontoutskriftene til mannen viser at han hadde brukt nærmare 110.000 kroner på desse handlane.

I retten innrømma mannen å ha rusa seg sidan han var 15 år, og er tidlegare straffedømt i ei narkotikasak. Mannen er no inne i eit rehabiliteringsprogram, og retten meiner dette er formildande. Han er derfor dømt til 90 dagar samfunnsstraff.