Hopp til innhold

Dei store festspelspørsmåla

Torsdag 26. juni

Festspillblogg

Etter nokre dagar på festspel er det nokon store spørsmål eg må stille meg.

Kvifor har alltid den telefonen som ringjer under konsertar Nokia tune som ringjetone?

Det slår ikkje feil. Konserten eller teaterstykket eller det andre som måtte gå føre seg på scena er inne i eit pianoparti med mykje kjensler. Eg greier nesten aldri å nyte desse partia, i frykt for at ein mobiltelefon skal ringje. At Nokia tune, denne grusomme standard ringjetonen som ligg klar i alle nye Nokia-telefonar, skal ule gjennom rommet. Først smått og forsiktig.

dudududuuuu dudududuuuu dududududuuuu

Folk begynner å kjenne etter i jakkelommene og veskene om det er deira telefon som ringjer. Mens dei leitar blir ulinga kraftigare

dudududuuuu dudududuuuu dududududuuuu

Eg ligg då helst i fosterstilling under stolen og sender heftige orsakingar til dei som er på scena. På vegne av vanvittig mange. Eg er fylt av skam - og snart blir rommet på nytt fylt av lyd

DUDUDUDUUU DUDUDUDUUU DUDUDUDUDUUUU

Det er ein menneskerett å glømme ting, men viss du veit at du ofte glømmer å skru av lyden på telefonen, kan du ikkje då i det minste ha ein litt meir diskret ringjetone? Til dømes

ringring

Kvifor betaler folk 600 kroner for å gå på konsert og snakke skit?

For meg virkar det å vere svært bortkasta pengar å betale 300 kroner per person for å gå på konsert og stille seg opp i nærleiken av scena og alle publikummarane som har skvisa seg saman for å høre yndlingsbandet spele ein sjeldan konsert i nærområdet - og prate skit. GJERNE I STORE BOKSTAVAR, SIA LYDNIVÅET ER HØGT OG FOLK MÅ ROPE FOR Å BLI HØRT.

- ER DET SANT AT DU HAR GIFTA DEG?

- NEI, EG SKAL GIFTE MEG OM EI VEKE!

- ÅHHHH, SÅ SPENNANDE! KVA KJOLE SKAL DU HA? KOR SKAL FESTEN VERE? KORLEIS FRIDDE HAN?

I eit nanosekund greier bandet å overdøyve bryllaupsplanleggjinga og eg får dessverre ikkje med meg detaljane om frieriet. Men heldigvis får eg høre det aller viktigaste.

- ÅHHH, SÅ ROMANTISK!!!

Og alle var einige om at det var ein fin konsert.

Og det siste eg har lurt på er kvifor alle sett seg ytterst på rada på dei unummererte plassane, slik at vi som kjem til slutt må klive over dei for å få dei innerste plassane, der du ser akkurat like bra eller dårleg som på dei ytterste plassane??!!

I går var eg ute og klatra igjen, for å komme meg til den innerste plassen på rada. Først spurte eg om det var ledig innerst og det trudde alle at det var. Så spurte eg om eg kunne få komme forbi. Men sia ingen gjorde teikn til å reise seg, spurte eg, på ein serviceinnstilt måte:

- Kanskje de vil trekkje innover?

Det vart møtt med vantru. Og uvilje. Og eg skjønte at det var fullstendig upassande. Så eg klatra inn, orsaka meg til alle som vart nøydd til å reise seg på grunn av at eg absolutt måtte ha den der plassen heilt innerst og fann plassen min. Og det var ein fin plass det altså. Eg klager ikkje. Men som eg ville sagt viss eg var 10 år yngre:

- Men seriøst lissom?! Hallo??!!

Og sånn går no dagane.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark