Kan ha krav på etterbetaling
Ei rekke tilsette i Troms politidistrikt fekk før jul etterbetalt til saman 420.000 kroner, etter at det blei oppdaga ein feil i arbeidsplanane til fleire av dei tilsette. Det skriv Politiforum, som blir gitt ut av Politiets Fellesforbund. Det var leiaren i Politiets Fellesforbund i Troms, Karl Karlsson, som sommaren 2013 oppdaga at fleire tilsette ikkje hadde fått overtidsbetalinga dei hadde krav på, noko som førte til den store utbetalinga før jul.