SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Det blir ikkje villreinjakt på Hardangervidda til hausten. Direktoratet for naturforvalting totalfredar villreinen for å fordoble dagens stamme.
Villreinen på Hardangervidda blir totalfreda i eitt år.
Det betyr at slaget er tapt for grunneigarane som ønskjer ei avgrensa jakt på Hardangervidda.
Villreinkvote på null dyr
- Klagen frå Maarfjell sameige blir ikkje teken til følgje. Dermed stadfestar direktoratet vedtaket i villreinnemnda om ein villreinkvote på null dyr i år.
Det seier Janne Solli som er direktør i Direktoratet for naturforvalting.
Det er første gong sidan 1972 at nord-europas største villreinstamme blir freda. Den held til på Nord-Europas største høgfjellplatå i Noregs største nasjonalpark.
Janne Solli er direktør i Direktoratet for naturforvalting.
Det er villrein-nemnda som ønskjer eit jaktforbod i håp om å bygge opp igjen stamma frå 5000 til 10.000 reinsdyr.
Klagaren fekk ikkje medhald
Dermed fekk ikkje den private grunneigaren på vidda, Maarfjell sameige, gehør for sitt krav om ei avbegrensa jakt.
Maarfjell sameige er med sine 320.000 mål den største private grunneigaren på Hardangervidda.
I fjor sa direktoratet ja til jakt, med det resultat at dei fleste grunneigarane boikotta jakta. Og eit jaktutbyte på berre 117 dyr må karakteriserast som nær totalfreding.
Oppvasken i ettertid førde til mannskapsrokeringar i direktoratet.
Boikott av vilreinjakta ifjor
Og i dag innrømmer den nye direktøren i Direktoratet for naturforvaltning, Janne Solli, at bråket ifjor har påverka avgjerda.
- I ettertid var vi klar på at vi ikkje var balanserte nok i det vedtaket som blei gjort, seier Solli.
Ho meiner direktoratet har eit betre grunnlag for avgjerda i år. Blant anna fordi dei har hatt ein god dialog med grunneigarane og organisasjonane.
- Driftsplanen som ligg til grunn i år er veldig god, og eit betre grunnlag for å gjere vedtak enn den vi hadde ifjor, seier Solli.