SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Retten vil innhente lydutskrift frå videoopptak før saka blir avgjort.
Lydutskrifta frå videoen, som viser advokaten og ein av dei to kvinnene i ein intim siuasjon, kan ha mykje å seie for skuldspørsmålet, meiner forsvarsadvokat John Christian Elden.
Brukar skjult kamera som bevis
Advokat John Christian Elden
- Slik retten har vurdert det kan det vere avgjerande for skuldspørsmålet, og då må vi ta det alvorleg, seier Elden.
Ein klient har brukt skjult kamera, for å bevise at den 49 år gamle Osloadvokaten, gjorde seksuelle tilnærmingar mot ho.
Denne videofilmen er eit sentralt bevis i saka. Aktoratet legg vekt på at den tiltalte advokaten framstår som den aktive parten, medan kvinna er passiv på videoen.
Forsvaret hevdar på si side at advokaten blei lokka i ei felle og utsett for pengeutpressing av kvinna, som filma han med skjult kamera.
Meiner lyden er viktig
Lyden på videobeviset er utydeleg. Retten vil ha lydutskrift av samtala mellom dei to før dei avgjer saka.
Forsvarar John Christian Elden meiner at lyden på videoen er like viktig som biletebeviset.
Politiet så klart ikkje klart å få fram lyden. Og har lagt til grunn at det er bileta som betyr noko. No har retten også sagt at lyden er viktig.
- Då blir det avgjerande kva som er sagt for at retten kan avgjere om advokaten har utnytta stillinga si, seier Elden.
Han meiner lydutskrifta kan gje grunnlag for nye rettsforhandlingar i denne saka.