Hopp til innhold

Vil beslagelegge bilane

Politiet vurderer å beslaglegge bilane til rånarane på Notodden.

Brann Notodden

Brannvesenet på Notodden måtte ta hand om fleire påsette brannar natt til onsdag.

Foto: Øyvind Bergestig

- Rånarar som blir tekne fleire gonger for lovbrot under demonstrasjonar mot stenging av Storgata kan få bilane beslaglagt, seier fungerande politimeister i Telemark, Vibeke Hein Bæra.

Det var mellom 100 og 300 personar frå heile Midt-Telemark med på demonstrasjonen på Notodden natt til onsdag.

- Dersom ting ikkje roar seg på Notodden vil vi også vurdere fengsling av fleire brannstiftarar som er kartlagt, seier Bæra.

Bæra seier at rånarmiljøet er eit lite og oversiktleg miljø.