Hopp til innhold

Vil bruke 380 millionar på rv 36

Utbetringa av riksveg 36 Slåttekås – Årnes for vel 380 millionar kroner startar hausten 2016. Utbygginga skjer med statleg finansiering og bompengar.

Ketil Solvik-Olsen
Foto: NRK

Eit forslag om utbygging og finansiering av prosjektet, i kommunane Nome og Sauherad, blei lagt fram i statsråd i dag.

– Med utbetringar og utbygging for vel 380 millionar kroner blir det enda tryggare og meir effektiv transport på den 7,1 kilometer lange strekninga Slåttekås – Årnes, på riksveg 36 i Telemark, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding frå Samferdsledepartementet.

Solvik-Olsen meine strekninga har ujamn standard, er prega av forfall og har hatt ein del møte- og utforkøyringsulykker.

– Arbeidet med å utbetre strekninga kan ta til hausten 2016, med fullføring ved årsskiftet 2018-2019, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Han meiner riksveg 36, mellom Eidanger og Seljord, er eit viktig nord-sørsamband i Telemark og knyter dessutan saman hovudferdselsårene E18 og E134.

Her kan du sjå vegvesenet sin video

Har lagt inn statleg finansiering

Strekninga Slåttekås – Årnes skal utbetrast i dagens trasé og vil få ei breidd på 8,5 meter (10,5 meter i ein 220 meter lang tunnel). Utbygginga vil føre til at vegen blir mindre svingete og får betre bereevne og tryggare avkøyringar.

I anleggsperioden skal det etablerast ein omkøyringsveg, som seinare blir ein permanent gang- og sykkelveg. Utbygginga er rekna å koste 383 millionar 2015-kroner.

Prosjektet skal finansierast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege løyvingar, i tråd med tidlegare lokalpolitiske vedtak om å forsere prosjektet.

– Prosjektet skulle opphavleg finansierast fullt ut med bompengar, men denne regjeringa har no lagt inn 56 millionar kroner i statleg finansiering. I tillegg vil belastninga for bilistane bli redusert som følgje av bompengereform og ordning med rentekompensasjon for bompengeprosjekt, seier samferdselsministeren.

Vil redusere bompengeutgifter

I forslaget er bompengeopplegget basert på ein føresetnad om 6,5 prosent lånerente. Regjeringa legg no opp til ei omorganisering frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap.

I tillegg vil regjeringa innføre ei ordning med statleg bidrag til reduserte bompengeutgifter i prosjekt som blir lagde inn i dei nye bompengeselskapa.

– Ein slik rentekompensasjon skal komme bilistane til gode i form av lågare takstnivå eller kortare innkrevjingsperiode. Det er ein føresetnad for rentekompensasjonen at prosjektet blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark