Hopp til innhold

Kjøpte unik hardingfele frå 1861

BØ (NRK): Ei unik hardingfele som er laga i Bø av ein av Norges beste felemakarar, Erik Johnsen Helland, er tilbake i Bø.

Ei unik hardingfele laga i 1861 av Erik Johnsen Helleand, ein av dei beste felemakarane i Noreg, er tilbake i Bø.

UNIK FELE: Felemakar og spelemann Ottar Kåsa har kjøpt og skal restaurere hardingfela laga av mannen som også laga feler for Ole Bull, Myllarguten og Lars Fykerud.

Hardingfela har vore ute på ei nesten 160 år lang reise før den blei kjøpt av spelemann og felemakaren Ottar Kåsa.

Då hardingfela kom tilbake i Bø, var det som var eit vrak. Men nå er den på veg til å bli god som ny.

Erik Johnsen Helland (1816–1868) er rekna som den som skapte den moderne hardingfela i Norge.

Fele laga av Erik Johnsen Helland i 1861

Slik ser hardingfela ut no, utan strenger. Men rosene på fela er det framleis mogleg å sjå.

Foto: Petter Melsom / NRK

Tok ein sjanse då han kjøpte fela

Presisjon er alfa og omega når ei 160 år gamal hardingfele skal bli restaurert, særleg når det er lydpinnen som blir testa, for den sit midt inne i felekassa.

– Ein tiandedels millimeter kan ha veldig mykje å seie her. Det blir ein kraftigare lyd, viss pinnen er passeleg stram. Blir den for kort, så blir det slark i systemet, og då klarar den ikkje å svare ordentleg. Viss den er for langt inn, kan det bli feil lyd. Og det same skjer om den er for langt ut.

Ottar Kåsa, felemarkar og felespelar

Ottar Kåsa har vunne mange prisar som felespelar og felemakar.

Foto: Petter Melsom / NRK

Ottar Kåsa tok ein sjanse då han kjøpte fela for 40.000 kroner. Men potensialet er stort, for hardingfela er laga i 1861 av Erik Johnsen Helland, den mest kjende hardingfelemakaren i Noreg.

– Det var i denne perioden Erik Johnsen Helland laga dei beste hardingfelene. Han laga feler for blant anna Ole Bull, Myllarguten og Lars Fykerud. Det er kjende spelemenn for oss som driv med hardingfele.

Blir juvelen i felesamlinga

Dei siste tretti åra har fela hengt på ein vegg i Oslo. Den var eit vrak, og skadane var så store at blant anna halsen måtte bytast ut. Og ein ny hals passar jo ikkje på ei gamal fele.

– Eg må kanskje legge inn nokre småskadar her og der for at det skal sjå gamalt ut.

Eriksen Johnsen Helland laga Hardingfela i 1861

Her er beviset på at det er Erik Johnsen Helland som laga hardingfela i 1861.

Foto: Ottar Kåsa

Men tilbake til lydpinnen.

– Det er viktig at den gir rette responsen. Den er ikkje heilt på plass, men det nærmar seg.

Sjølv om ikkje lyden er heilt på plass ennå, så har hardingfela kome heim. Og dit har den kome for å bli.

– Eg trur eg må behalde denne fela. Og ta den med ut på tur. Det blir juvelen i felesamlinga dette her.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark