SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Huset under Menstadbrua er regulert til buføremål, men det blei likevel nytta til anleggs- og kontorverksemd.
Jurist i Statens Vegvesen Region Sør, Henning Fykerud, seier at vegvesenet var klar over reguleringsregelen.
- Det som har vore fast praksis at vi aldri søker om bruksendring når vi kjøper den type bustadhus for å ta det i bruk som anleggskontor, seier Fykerud.
Blir bustad for flyktningar
Han seier at vegvesenet vanlegvis riv slike hus etter at anleggstida er over.
- Det låg nok i korta då vi kjøpte det, seier Fykerud.
Han innrømmer at dei same reglane gjeld for statleg etatar, og at vegvesenet skulle ha søkt om omregulering.
- Det er flaut, seier Fykerud.
No skal huset bli leigd ut i fem år som flyktningebustad til Skien kommune.
- Det er tenkt leigd ut til ein større familie som har behov for husvære over ein lengre periode, seier han.
Fykerud understrekar at huset ikkje skal bli bruka som gjennomgangsbustad eller hybelhus.
Leiar for bustadkontoret i Skien kommune, Atle Kristiansen, meiner det tidlegare kontoret til Bomselskapa i Grenland er godt eigna som bustadhus.