Fakta
Midt-Telemarkrådet, som har medlemmer frå Nome, Sauherad og Bø kommuner, protesterer mot at fylkespolitikarane vil redusere talet på klassar ved Bø vidaregåande skule frå fire til tre.
Arne Storhaug er ordførar i Bø. Foto: NRK
- Det er meningslaust å kutte i talet på klasser så lenge skulen har søkarar nok til fire klasser, seier nestleiar i rådet, ordførar Arne Storhaug i Bø.
Storhaug meiner at Hovudutval for kompetanse tvangsstyrer elevane bort frå distriktskommunene.
Toppidrettsgymnas tar elevar
118 søkarar har ført opp grunnkurs allmenfag eller grunnkurs idrett i Bø som førsteval, og det tyder at skulen har primærsøkarar nok til fire klassar.
Men Hovudutvalet for kompetanse trur at det nye private toppidrettsgymnaset i Skien vil ta elevar frå Bø.
- Difor nøyer utvalet seg med tre klassar i Bø, seier Håvard Haukvik, nestleiar i utvalet.
Han seier at det ikkje stemmer at utvalet tvangsdirigerer elevar vekk frå Bø.
- Slik eg kjenner det har ein del også søkt det private toppidrettsgymnaset i Skien, seier Haukvik.
Han trur dette vil løyse seg innan skulane startar til hausten.