- Vi er usikre på korleis dette vil slå ut, seier styreleder Stian Kjellermyr Eilertsen.
Trio Bryggeri i Skien produserer øl og mineralvatn. Foto: NRK
Trio bryggeri i Skien er eigd av Mack bryggeri i Tromsø og produserer øl og mineralvatn.
Marknaden delt i Sverige
Kjellermyr Eilertsen viser til at Sverige aldri har hatt nokon avgift på eingongsemballasje. Men bryggeria har likevel oppretthalde returordninga for glassflasker.
I Sverige er marknaden delt mellom glassemballasje og plast med 50 prosent på kvar.
- Men vi er skuffa over at det bare er avgifta på plastflasker som er fjerna, og ikkje avgifta på metallboksar, seier Kjellermyr Eilertsen.