Sundstøl med krim frå Eidsborg stavkyrkje

For første gang brukar forfattar Vidar Sundstøl eigne heimtrakter i bøkene sine. Telemarkingen Vidar Sundstøl, som er født i Drangedal og busett i Bø kjem ut med ny bok.

Vidar Sundstøl, forfattar

Vidar Sundstøl kjem med ny bok der handlinga er lagt til Telemark.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Sundstøl er mest kjent for den såkalla Minnesota-trilogien, der nordamerikanaren Lance Hansen løyser drapsgåter i det norsk-amerikanske miljøet i Minnesota.

For første gang vender forfattar Vidar Sundstøl heim til Telemark i ei av bøkene sine. Boka "Djevelens giftering" blei lansert på måndag, var gjest hos Solfrid Leirgul Øverbø i NRK Telemarksendinga.

Eidsborg stavkyrkje

Vidar Sundstøl har valt å ta utgangspunkt i Eidsborg stavkyrkje med helgenfigurar, førkristen religionsdyrking og lik som dumpa i Vest-Telemark.

Boka "Djevelens giftering" har fått gode kritikkar, blant anna ein 5-er i Varden sist helg.

– Eidsborg stavkyrkje og Eidsborg er ein veldig spesiell stad som var åstaden for ein religiøs kult som varte frå mellomalderen og til langt ut på 1700-talet, seier Sundstøl på spørsmål om kvifor han valde Eidsborg stavkyrkje.

Det er 28 stavkyrkjer her i landet, og to av dei ligg i Telemark. Eidsborg stavkyrkje er frå katolsk tid på 1200-talet, og er via til St. Nicolas.

– Og som i andre katolske kyrkjer, så er det også ein helgenfigur i kyrkja. Ein trefigur av St. Nicolas som bøndene i Eidsborg kalla for Niculs, tregubben.

Finst ikkje andre stader

Denne tregubben var med i eit ritual på St. Hans, då han blei boren rundt Eidsborgtjønni og senka ned i tjønni der den blei vaska.

– Dette er noko som ikkje finst nokon annan stad i den katolske verda, for ideen om å vaske ein helgen er framand. For ein helgen er rein i utgangspunktet, og menneska forsøker å bli reine gjennom å kome i kontakt med helgenen, seier Sundstøl.

Mange religionsforskarar meiner dette er restar av eit mykje eldre heidensk ritual som har gått føre seg her før kristendomen kom, og då bar ein eit anna gudebilete rundt tjønni.

– Det andre som er spesielt er at det varte så veldig lenge. For etter reformasjonen fekk ein ikkje lenger lov til å halde på med slike ritual, men bøndene i Eidsborg nekta å ta omsyn til det. Trass i fleire brev frå biskopen i Christiania.

Tidlegare lensmannsbetjent etterforskar

Boka handlar om to personar forsvinn. Den eine i 1985 og den andre eitt år før handlinga i boka startar.

– Begge to er knytte til Eidsborg stavkyrkje og Niculskulten. Det er akademikarar som har jobba med Niculskulten som har forsvunne på St. Hans aften.

Hovudpersonen kjem til Telemark etter å ha budd 30 år i USA, og skal eigentleg berre gå i ei gravferd og reise tilbake til USA.

Men han er tidlegare politimann, lensmannsbetjent frå Vest-Telemark, og blir dratt i desse hendingane. Han kjem på sporet av noko som har å gjere med Eidsborg stavkyrkje.

– Det er veldig spesielt, og fører til at han blir verande for å etterforske.

Kan bli fleire krimbøker frå Telemark

Vidar Sundstøl seier sjølv om boka at det er krim frå den mytiske delen av Telemark.

– Alt det som har å gjere med segner, gamle middelalderballader, historier om bergtatte jenter, draumkvedet, den store spelemannstradisjonen og alle dei tinga som har gjort Telemark til ei merkevare som folk knyter noko genuint norsk til og noko mystisk.

Og Vidar Sundstøl er godt i gang med det som kan bli bok nummer to, og lovar at det kan bli fleire krimbøker frå Telemark.