NRK Meny
Normal

Barna får bli med «Victoria» på sjørøvertokt

Skien kommune feirar starten på kanalsesongen med sjørøvercruise for barn.

Sjørøver cruise på Telemarkskanalen

Sjørøverskipper på Victoria, Arnold Nomme, saman med Anton, Kristoffer, Sebastian, Jonny og Filip frå Falkum barnehage utkledd som sjørøvarar på pressekonferansen om kanalveka i Skien.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skien er Norges einaste sluseby og feirar kanalsesongen med arrangement heile den første veka.

Skien by er starten på Telemarkskanalen, og det er to sluseanlegg i kommunen, Skien sluse og slusene ved Løveid.

Her kan du lese meir om arrangementa i Skien:

Feirar sesongstarten

Guro Honningdal; Skien kommune

Guro Honningdal inviterer til festveke når kanalsesongen startar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kanalbåtane startar sine reiser frå Skien til Dalen, og første segltur er den 20. mai med «Victoria» og den 21. mai med «Henrik Ibsen».

– Vi vil feire sesongstarten for dei vakre båtane på Telemarkskanalen med kanalveke i Skien, seier Guro Honningdal i Skien kommune.

Honningdal meiner det er viktig å minne om at ein ny sesong er i gang, og vil på denne måten invitere folk til å bruke «Victoria» og «Henrik Ibsen».

– På den første turen tysdag morgon vil alle slusene ved Løveid vere opne når «Victoria» kjem. Då kjem til å sjå ut som om det er trappetrinn heilt opp til Norsjø, seier Honningdal.

Sjørøvercruise for barn

Det første som skjer eit sjørøvercruise for barn den 19. mai. Då skal «Victoria» vere pynta som ei ekte sjørøverskute og mannskapet utkledd som sjørøvarar.

Janne Lindgren, Skien Dalen Skipsselskap

Janne Lindgren inviterer barn på sjørøvercruise på Victoria.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Då får barna vere med på eit ekte sjørøvartokt, med litt skumle ting og litt historie undervegs, seier Janne Lindgren, dagleg leiar i Skien Dalen Skipsselskap.

Det er teatergruppa Aldebaran som har regien på toktet som går frå Hjellebrygga til Løveid og tilbake igjen.

Kanalveke på Dalen

Det blir arrangement i alle kommunane langs Telemarkskanalen den første gongen «Victoria» og «Henrik Ibsen» passer for å markere opninga av sesongen.

På Dalen som er endepunktet for Telemarkskanalen feirar dei opninga av sesongen med ei kanalveke og ulike arrangement.

Her blir det markering av grunnlovsjubileet på Vest-Telemark Museum, sykkeloppvisning og historieforteljing.

Her kan du lese meir om arrangementa på Dalen:

Skuta er god som ny

Arnold Nomme, skipper Victoria

Skipper Arnold Nomme seier det blir moro med barn på sjørøvercruise.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skipper på «Victoria», Arnold Nomme, er klar for ein ny sesong og gler seg til å kome i gang.

Dei siste førebuingane for sesongens første kanalcruise er i ferd med å bli unnagjort på skuta.

– «Victoria» har vel aldri vore i så god stand sidan skuta var ny, seier Nomme.

Han gler deg til å møte mange hyggelege reisande på turen mellom Skien og Dalen.

– Det er vakker natur. Ein stille og roleg tur, og mange hyggelege folk. Så det er bestandig moro å kome i gang, seier Nomme.