SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Regionrådet for Buskerud, Telemark og Vestfold blei møtt av ei busslast med rasande bussjåførar då politikarane kom til Storefjell i går kveld.
Regionrådet for Buskerud, Telemark og Vestfold vil sette bussrutene i Telemark ut på anbod.
Eit av dei første vedtaka det nye regionrådet skal gjere er å sette busstilbodet i Grenland ut på anbod.
Det har fått sjåførane til å sjå raudt.
- Politikarane vil ta frå meg jobben, seier bussjåfør Jens Jakobsen i Nettbuss Sør.
Utrygg arbeidsplass
Han fortel at han vil seie frå til alle politikarar han møter at dei er med på å øydelegge det han har oppfatta som å vere ein trygg og god arbeidsplass.
- Dei er med på å gjere livet utryggare for meg og min familie. Eg har oppfatta det slik at eg har hatt ein trygg og god arbeidsplass, men no vil den bli usikker, seier Jakobsen.
Det har vore hektisk aktivitet med møter om denne saka til langt på natt i det nye regionrådet , og avgjerda er venta i føremiddag.