SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Fleire speleautomater skal ha blitt tømt for eit større kontantbeløp.
Politiet trudde den etterlyste bilen, ein blå Ford Escort, kunne ha kjørt sørover på E 18 i retning Kragerø etter innbrotet, men heldt det ope for at den kunne ha teke av på stikkvegar på strekninga frå Breviksbrua.
Det blei difor sett opp politisperringar mot Agder.
Åge Halvorsen, operasjonsleiar Telemark politidistrikt.
Avgjerande med tips
Men politiet fann til slutt bilen som blei brukt ved innbrotet på Nusta Supern etter tips frå publikum som høyrde på Telemarkssendinga.
- Bil blei funnen i Drangedal. Etter tips frå publikum fekk vi melding om at bilen var sett ved kyrkja i Kroken, seier operasjonsleiar Åge Halvorsen ved Telemark politidistrikt.
Ein person som blei etterlyst i samband med innbrotet og var på frifot i ei kort stund.
- Politiet tok i bruk helikopter og hundepatruljer i området. Dermed blei den etterlyste mannen funnen etter kort tid, fortel Halvorsen.
Han seier at det var heilt avgjerande for at saka blei oppklart etter så kort tid at dei fekk tips frå publikum som høyrde på Telemarkssendinga.
Fann pengane
Mannen blei pågripen i ti-tida etter å ha vore på rømmen i litt over tre timar. Det blei også funne eit pengebeløp då mannen blei pågripen.
Den arrestert mannen er no frakta til Porsgrunn politistasjon der han vil bli avhøyrt om innbrotet i dag og fleire andre forhold.
Politiet knyttar dette innbrotet til to bensinstasjonar i Kragerø og Drangedal. Her er alarmsensorane ved to bensinstasjoner er tapet over. Og politiet trur dette er førebuingar til innbrot seinare på natta.
I tillegg har det vore eit tobakkstjuveri i natt der det er bruka to bilar. Politiet vil no undersøke om desse har ein samanheng med innbrotet i Telemark.