NRK Meny
Normal

Reflekskampanjer hjelper ikkje

Berre ein av fire telemarkingar brukar refleks i trafikken. Distriktsleiaren i Trygg Trafikk ønskjer påbod om bruk av refleks.

Refleks

Nærare 90 prosent gir opp at dei sjølv brukar refleks, mens berre 32 prosent faktisk gjer det, viser ei ny undersøking frå Trygg Trafikk.

Foto: Trygg trafikk

Berre kvar fjerde telemarking brukar refleks når dei er ute i trafikken i mørkeret, viser tal frå Trygg Trafikk.

Les også:

Distriktsleiar Brita Straume i Trygg Trafikk i Telemark seier at alt for mange trur dei blir sett langs landevegen, utan refleks.

– Eg synest det er trist at vi ikkje er blitt flinkare etter alle desse åra vi har delt ut millionar av refleksar gratis. Og så tar ikkje vaksne forgjengarar det ansvaret dei bør gjere i trafikken med å feste på seg refleks, seier Straume.

(Artikkelen fortset under bilete)

Brita Straume, Trygg Trafikks lokallagsleder i Telemark

Brita Straume i Trygg Trafikk skulle gjerne hatt nye idear på korleis telemarkingane skal bli flinkare til å bruke refleks.

Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen / NRK

Kampanjar hjelper ikkje

Ho undrar seg over kvifor kampanjar for å bruke refleks ikkje hjelper. Straume trur fotgjengarar trur at dei blir sett når dei ser bilen.

– Men det viser seg at dei er utruleg flinke til å gå på feil side av vegen, og i mørke klede. Så dei er heilt umoglege å sjå når det er gatelys, seier Straume.

Ho viser til at det mange gonger kan vere reklameskilt og andre ting langs vegen som bilførarane fokuserer på.

Sør-Noreg er dårlegast

Nærare 90 prosent gir opp at dei sjølv brukar refleks, mens berre 32 prosent faktisk gjer det, viser ei ny undersøking frå Trygg Trafikk.

Undersøkinga viser også at vaksne som bur i Nordland, Troms og Finnmark er flinkast.

Der brukar 43 prosent refleksvest. Dårlegast i landet er Sør-Norge, der berre 27 prosent bruker refleksvest.

– Eg skulle gjerne hatt gode idear til korleis telemarkingane skal bli flinkare til å bruke refleks, seier Straume.

Vil ha påbod for refleks

Ho trur påbod om å bruke refleks kan bli løysinga.

– Eg trur det kan vere det einaste som folk forstår. Men eg trur ikkje det kjem med den regjeringa vi har nå, seier Straume.

Distriktsleiaren viser til at meiningsmålingar viser at mellom 70 og 80 prosent av dei spurde ønskjer eit slikt påbod.

– Kanskje desse tala gir eit signal til regjeringa om at det er den vegen vi må gå, seier Straume.

  • Nedbør i vente

    Det blir nedbør i Sør-Noreg denne veka.

    Laster Twitter-innhold
  • Magnus Krog tilbake etter sykdom

    Magnus Krog er tilbake i kombinerttroppen til verdenscuprennene i østerrikske Ramsau. Krog har vært ute etter en periode med sykdom. I første omgang reiser han til Østerrike som reserve, skriver NTB.

    Magnus Krog
    Foto: NRK
  • UP holder storkontroll denne uken

    Utrykningspolitiet og politidistriktene vil denne uken ha en spesiell kontrollinnsats for å forebygge og avdekke ruspåvirket kjøring. Storkontrollen skal bidra til reduksjon av antallet drepte og hardt skadde på norske veier.

  • Ingen alvorlige skadd etter brann

    To personer er kjørt til sykehus etter en husbrann i Åslia på Åfoss. Personene har mulig gått i seg røyk. Politiet opplyser at det ikke er alvorlige skader. Brannen skal ha startet på kjøkkenet, den er slukket og nødetatene har forlatt stedet.