NRK Meny
Normal

Open skuledag på Gimle

FYRESDAL (NRK): Førebuingane var godt i gong på Gimle skule i Fyresdal i går. Open skuledag er ein lang tradisjon, og for sjette gong samlar elevane inn pengar til eit bistandsprosjekt i Laos.

Nils Kristian Moe

REKTOR: Nils Kristian Moe syner fram lopper som elevane har samla inn.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Musikken står på for fullt, og elevane spring frå eit rom til eit anna. Ved Gimle skule i Fyresdal førebur dei seg til open skuledag. Ein dag i året der dei samlar inn pengar til eit bistandsprosjekt dei har i Laos.

Kor lang tradisjonen med open skule er, veit ikkje lærarane på pauserommet heilt sikkert. Dei reknar seg fram til at fyrste loppemarknad var i 1992. Men dei er ikkje sikre på om dette var den fyrste opne skuledagen, tradisjonen har i alle høve vore ved skulen i over 20 år.

Pengar til utdanning

Pengane elevane samlar inn går uavkorta til Laosprosjektet, fortel fungerande rektor ved skulen, Nils Kristian Moe.

I Laos går pengane til utdanning for ei jente i femteklasse, Nunh, og arbeidsseminar for lærarar og rektorar, det fortel Else Veum, ho er Gimle skules kontaktperson i prosjektet.

Frå utstillinga

UNGDOMSSTEGET: Har utstilling frå 2. verdskrig.

Foto: Merethe Reinskås

Veum fortel at dei mellom anna lærer om planlegging, kommunikasjon, barns utvikling, førstehjelp, lærer å lage læringsmateriale sjølve, for det har ikkje barnehagane midlar til sjølve.

Vi er veldig taksame for det som vert samla inn, det er heilt fantastisk at dei greier å samle inn nesten 40.000 kr på ein dag, seier Veum.

I fjor samla elevane inn i underkant av 36.000 kroner og tidlegare år har pengane elevane har samla inn gått til liknande prosjekt i mellom anna Nepal og Sri Lanka.

Nunh i Noreg

Else Veum bur for tida i Albania, og kan ikkje vere med på open skuledag i år. Nils Kristian Moe er likevel nøgd med at Else Veum stadig kjem med oppdateringar om kva som skjer nede i Laos.

I tillegg vitja Nunh og familien Noreg og Gimle skule i sumar. Moe fortel at Nunh var imponert og oppglødd over korleis norske elevar har so mykje utstyr og lærebøker.

– No veit også elevane godt kva pengane går til. Nunh fekk verkeleg synt kor takksam ho er då ho var her i sumar, seier Moe.

Måler om bil

I ARBEID: Elevane ved skulen jobba flittig i forkant av open skule. (Frå venstre: Nora Aas Lund og Åsne Taraldlien)

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Pedagogisk opplegg

Open dag fell under bolken i læreplanen ved Gimle som heiter "Vi i verda". Dei yngste elevane på skulen lærer om verdsgeografi i førkant av open skuledag.

Elevane på ungdomssteget har hatt prosjekt om flyktningkrisa som går føre seg, og dei markerer 70-årsjubileet for frigjeringa.

Ikkje minst sel dei lopper. Rektor Moe fortel at det var eit år dei ikkje hadde loppemarknad, men då kom det protestar, og året etter var loppemarknaden tilbake på skulen.

  • Leter etter savnet pasient

    En kvinne på 88 år som er pasient på Vessia i Porsgrunn er savnet. Politiet er ikke sikker på hva hun hadde på seg da hun forsvant. Likevel ber politiet folk om å ringe 02800 dersom de ser kvinnen.

  • Anmeldt for scooterkjøring

    Politiet og Statens naturoppsyn har utført kontroll av motorferdsel i utmark i Vinje og Seljord denne helgen. 4 personer er anmeldt for å ha kjørt snøscooter uten løyve. Statens naturoppsyn har skrevet ut 3 gebyrer til snøscooterkjørere som har kjørt utenfor lovlige traseer i Vinje.

  • Fare for flere feil

    222 kunder er nå uten strøm i Vestfold og Grenland. De fleste av disse er knyttet til en kontrollert utkopling for å fjerne is fra ledningene vest for Farrisvannet i Larvik. Det skriver Skagerak i en pressemelding. Mange steder er det mye snø og is på ledninger og trær. Faren for nye feil gjør at selskapet gjennomfører kontrollerte utkoblinger. Mildværet og nedbøren som er ventet til uka øker faren for nye feilsituasjoner, ifølge Skagerak Nett. Derfor opprettholder derfor selskapet full beredskap. Se avbruddskart her.

    Mats Holmbakken, Skagerak Nett, driver feilretting i høyden.
    Foto: Geir Iskasen / Skagerak Nett
  • Fikk tur over Skien

    Fem luftballonger fløy i dag over Skien. For en av dem som var med ble det hele en stor overraskelse. Helena Byggstøyl trodde egentlig at hun skulle på skitur, men ble lurt av kjæresten. Han hadde planlagt en luftballongtur over Skien. Turen endte med en god landing på en gangsti rett ved Børsesjø.

    Luftballong over Skien.
    Foto: Helena Louisa Byggstøyl / privat