SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Viss politikarane seier ja til alle som har søkt om å få skjenke kan Kragerø få tusen nye gjesteplassar for alkoholservering til sommaren.
På sommarstid er det restaurantstolar til dryge 3.700 gjester i Kragerø. No kan det bli 1000 fleire. Og det er ikkje småpengar det blir kjempa om.
Det kan bli mange nye skjenkeplassar i Kragerø.
Kan bli ølbyen i Sør
I Kragerø blir det selt øl frå restaurantar og butikkar for om lag 50 millionar kroner. Den dyraste halvliteren i fjor blei selt om lag 70 kroner.
Nå åtvarar Kristeleg Folkeparti mot at Kragerø kan bli ein ølby for heile Sør-Noreg.
- Dette kan få store skadeverknader, seier Aud Brekka som er kommunestyrerepresentant Aud Brekka for Kragerø KrF.
KrF avviser at turistane krev fleire ølkraner for å kome til kystbyen.
- Vi ønskjer ikkje ei utviding i talet på skjenkestader no. Vi synest behovet er metta for lenge sidan, seier Brekka.
Mange nok skjenkestader
Det er politikarane som avgjer skjebnen for dei nye skjenkesøknadane.
I følgje Varden er det søkt om å få sette opp ølkraner nesten over alt - både på land og på lekterar - og viss alle som søker får JA, vil Kragerø få 1.000 nye gjesteplassar for alkoholservering.
I dag er det 27 skjenkestader i Kragerø, i tillegg til alle dei som har ambulerande skjenkeløyve. Brekka meiner det har alt gått for langt.
- Ja. Det kan du trygt sei. Det er mange nok skjenkestader som det er, særleg i bykjerna. Og politiet har ofte uttala at dei ikkje ønskjer fleire skjenkestader fordi det fører til uro i sentrum, seier ho.
Kristelig Folkeparti etterlyser også kontroll med overskjenking på restaurantane i sommarbyen Kragerø.
- Vi opplever ofte at folk får for mykje på skjenkestadene, og det fører til bråk, vald og uro i bykjerna på natta, seier Brekka.