Porsgrunn kommune vil denne vinteren leggje fram problema med støy rundt Brevikterminalen for politikarane i kommunen.
Det er eit massivt tal på klager til Porsgrunn kommune som er årsaka til at det nå truleg blir fremja støykrav til terminalen.
Restriksjonar kan kome i Eidangerfjorden.
Klagene
Porsgrunn kommune vil leggje fram ei sak om støyproblematikken ved terminalen for kommunepolitikarane tidleg neste år. Det stadfester teknisk sjef i Porsgrunn kommune, Jan Lasse Hansen. Han stadfester også at alle klagene på støy frå anlegga er den direkte årsaka til at kommunen ser på saka på nytt.
Leiaren i Redd Eidangerfjorden, Jan Erik Lunde, er glad for at politikarane endeleg skal sjå på støygrensene for terminalen, men meiner dette skulle skjedd for lenge sidan.
- Men politikarene gjer ikkje anna enn jobben sin. Det er ikkje mogleg å nekte eit krav frå Brevik Vel, Heistad Vel, Bergsbygda Vel, Sandøya Vel, Skjelsvik Vel, Heistadtangen Vel, fellesforum og Redd Eidangerfjorden, seier Lunde.
Det visar seg at protestane og støyen frå alle aksjonsgruppene gir resultat sjøl om det er høgst uvisst kva den politiske handsamlinga vil innebere.
- Eg reknar med at det blir fastlagt vilkår for drift av hamna både om natta og i helgane, seier Jan Erik Lunde.