Når Statens vegvesen i dag kjem med sin anbefaling blir det grunnlaget for lokal politisk behandling, i Porsgrunn, Bamble og i fylkeskommunen.
– Vi har vurdert investeringskostnader, trafikkulykker, støy og forureining og ting vi kan sette ein pris på. Og ein del andre ting vi ikkje kan vurdere prisen på, slik som nærmiljø, friluftsliv, naturmangfald og naturressursar, seier prosjektleiar Roar Gärtner i Statens vegvesen.
Først blir vegstellets anbefaling nå lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Og over påske startar den politiske behandlinga.
Les også:
Ventar seg stort engasjement
Uansett alternativ har det vore kraftige protestar og det vil truleg kome fleire. Og protestane vil venteleg bli gjentatt.
– Vi ventar oss engasjement, og forskjellige synspunkt, seier Gärtner.
Bru over Eidangerfjorden vil etter mange si meining øydeleggje eit attraktivt fjord- og rekreasjonsområde.
Her kan kostnadene bli ni milliardar kroner, men det kortar ned reisa med fire kilometer for dei som ikkje skal til Grenland.
– Nokon er for ei bru over Eidangerfjorden, mens andre er sterkt imot fordi det vil øydelegge den perla Eidangerfjorden er, seier Gärtner.
Les også:
Fordelar og ulemper med alle
Det er to alternativ for å krysse Eidangerhalvøya med ny E18. Det eine er kostnadsrekna til sju milliardar kroner, og det andre til åtte milliardar kroner.
Det eine alternativet har kryss på Moheim, og det andre kryss på Lanner.
– Alle alternativ har fordelar og ulemper, seier Gärtner.
Opp mot 30 bustadhus må rivast, dersom alternativet med å følgje dagens trase for E18 blir vald.