SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Det seier kommunikasjonsdirektør Nina Foss i Brynestad-selskapet CG Holding.
Konservator Aasmund Beier ved Porsgrunn bymuseum er derimot skuffa.
Mener dommen er tragisk
Aasmund Beier ved Porsgrunn bymuseum er skuffa over dommen. Foto: NRK
- Det er tragisk at det ikkje er teke atterhald om forvaltinga i dommen, og at samlinga skal bli i Porsgrunn for all framtid.
Aasmund Beier har brukt store deler av yrkeslivet til å ordne samlinga som dokumenterer porselensoga i Porsgrunn heilt tilbake til starten i 1880-åra.
Samlinga omfattar meir enn 2000 gjenstandar, og har stått ved bymuseet sidan 1981.
Bittert å kaste bort så mykje arbeid
Dersom dommen frå Skien og Porsgrunn tingrett blir rettskraftig må konservatoren flytte samlinga til Atle Brynestad og Porsgrunds Porselænsfabrik.
- Det er litt bittert at det blir sett bort fra så mykje arbeid, og som har ført til ei så fin samling. No blir dette gitt bort til eit aksjeselskap.
Atle Brynestad i CG Holding er nøgd med dommen. Foto: NRK
Fabrikkeigar Atle Brynestad vil ikkje kommentere dommen i NRK Radio.
Satsar på turisme
Men gjennom kommunikasjonsdirektør Nina Foss i CG Holding svarar han slik på påstanden frå styret i bymuseet om at samlinga blir delt opp og flytt frå Porsgrunn.
- Det er satsa fleire millionar kroner på turisme ved Porsgrunds Porselænsfabrik, og målet er at enno fleire no skal få sjå samlinga.
Og Foss i CG Holding garanterer så langt det lar seg gjere at porselenssamlinga skal bli i Porsgrunn.