Hopp til innhold

Lensmenn med protestvise om politireformen

Politiet framførte protestvise om korleis folk opplever politiet i distrikta på eit møte om politireformen i Vest-Telemark. I salen sat politimeister Christine Fossen.

Lensmann i Nissedal og lensmann i Vinje framførte teksten om nærpolitireformen slik ein brannmann i Vinje opplever det.

Lensmann i Nissedal og Vinje framfører visa om nærpolitireforma, slik ein brannmann i Vinje opplever det. Foto: Kjell Gunnar Heggenes, Vest-Telemark Rådet.

Visa om politiet sett frå distrikta blei framført på eit orienteringsmøte om nærpolitireforma i Vest-Telemark Rådet i Vrådal av lensmann i Nissedal, Marie Kornmo Enger og lensmann i Vinje, Trond Neri Flothyl.

Sekretær i Vest-Telemark Rådet, Kjell Gunnar Heggenes, tok spontant fram mobilen og gjorde opptak av framføringa.

– Dette var eit orienteringsmøte med blant anna kommunestyrerepresentantar frå dei seks kommunane i Vest-Telemark til stades for å høyre politimeister Christine Fossen si orientering om nærpolitireforma, seier Heggenes.

Ei intern arbeidsgruppe i politiet har foreslått å halvere talet på lensmannskontor i Telemark. Drangedal, Fyresdal, Hjartdal, Nissedal, Seljord, Nome, Tokke og Siljan er kommunar som mister sine lensmannskontor i forslaget.

Vil ha endringer i Sør-Øst politidistrikt

Lågmælt klage frå ein brannmann

Lensmann i Vinje, Trond Neri Flothyl, hadde fått teksten i handa av Ola Ringhus, som er beredskapsansvarleg i brannvesenet i Vinje kommune.

Trond Neri Flothyl, lensmann i Vinje

Lensmann i Vinje, Trond Neri Flothyl.

Foto: Politiet

– Eigentleg var dette ei formidling av nokre tankar frå ein brannmann i Vinje slik han opplever politiet på avstand. Og så tenkte eg det kunne passe som ei innleiing til diskusjonen om nærpolitireforma og kva for utfordringar vi har, seier Flothyl.

– Det er ei lågmælt klage frå eit brannvesen som er litt frustrert over at det av og til tek litt lang før politiet kjem på staden.

Flothyl synest teksten er så god at den fortente ei framføring for forsamlinga, framfor at den skulle sendast til politimeisteren i eit brev.

– Så kunne politimeisteren få svare. Eg synest det er eit artig påfunn frå ein kreativ brannmann i Vinje, seier Flothyl.

Han skryt av samarbeidet med brannvesenet, og seier at kommunane tek eit stort ansvar for beredskapen.

Frustrert over at politiet kjem seint

Leiar for beredskapen i Vinje, Ola Ringhus, fortel at brannvesenet er veldig frustrert over at politiet ikkje kjem når det skjer hendingar som dei rykker ut på.

Ola Ringhus, Vinje kommune

Leiar for beredskapen i Vinje, Ola Ringhus.

Foto: Privat

– Det kan vere trafikkulykker eller andre ting. Og politiet er dei siste som kjem, stort sett.

Ringhus fortel at lovverket pålegg brannvesenet å vere ordensmakta fram til politiet kjem fram til staden.

– Men ofte så er vi opptekne med andre ting, og då blir det frustrerande at politiet ikkje kjem. Og då tenkte eg at eg skriv ein liten song og gir den til lensmannen i Vinje.

Han fortel at teksten er både ein klage og eit hjartesukk over korleis forholda er.

– Men det er ikkje nokon klage til dei i politiet som kjem omsider, for dei er nok like frustrert som vi i brannvesenet, seier Ringhus.

Stor takhøgd for ulike meiningar

Politimeister i Søraust politidistrikt, Christine Fossen, fortel at ho var blitt spurt på førehand og hadde gitt løyve til å framføre songen.

Politimester Christine Fossen

Politimeister Christine Fossen.

Foto: Ingvild-Anita Velde / NRK

– Det er to flotte representantar for politietaten, engasjerte og dyktige medarbeidarar som i tillegg er flinke til å synge og spele, seier Fossen.

Ho synest det var ei flott innleiing til møte og fortel om ein god diskusjon på Straand Hotell i Vrådal.

– Vi må tole at vi får litt motstand når vi skal gjennomføre ein stor reform i politiet. Teksten gir eit godt bilete av det mange er redd for, at vi skal bli ennå fjernare og kome sjeldnare. Men vi ønskjer å gjere det motsette.

Fossen fortel at det er Stortinget som har tatt initiativet til reforma. Og at konklusjonen kjem ved juletider.

– Framføringa av songen viser at det er stor takhøgd i politiet for at vi har ulike meiningar, seier Fossen.