Også i år blir det eit bra år for morellbøndene på Gvarv.
Moreller frå Gvarv hamnar på Harrods i London.
Sjølv om Telemark i år ikkje klarer å produsere meir enn Hardanger, har morellproduksjonen nå stabilisert seg og blitt lønsam.
- Det har vore veldig bra. No er vi inne i den siste veka med produksjon, sier morelldyrker Torstein Lindheim.
Det betyr at Telemark ut 130 tonn med standard ein bær på marknaden, og til saman 150 tonn moreller.
Mange nedturar - men no går det bra
Det er ti år sidan Torstein Lindheim drog i gang eksporten av moreller frå Telemark. Og nedturane har vore mange.
Men nå går det bra.
- Etter mange lange år med mykje om og men, har vi nå ei seks-sju produsentar med slike avlingar som vi drøymer om, seier Lindheim.
Han føler no at prosjektet er på banen, og seier at dette betyr at det er ei framtid for fruktdyrkarane på Gvarv.
Moreller på Harrods i London
Lindheim meiner det aldri har vore ei framtid å vere epledyrkar på Gvarv, og han meiner at dei som legg ned epleproduksjonen kan gå over til morellproduksjon.
Og morellene frå Gvarv går for det meste til London.
På Harrods i London, eit av dei kjende supermarknadene i millionbyen, kan du no få kjøpt moreller frå Gvarv.
- Det er veldig moro, seier Lindheim.