NRK Meny
Normal

Mistenker at brannane i Skien er påsett

Brannvesenet mistenker at dei to brannane i Skien sentrum er påsett. Og politiet ser brannane i ein samanheng i etterforskinga av brannårsaka.

Det brenn i to bygningar i Skien sentrum. Brannvesenet er på plass for å slokke brannen.

Laster Twitter-innhold

Det blei meldt om brann i den gamle prestegarden i Lundegata i Skien sentrum i 16-tida fredag ettermiddag. Like etter kom det melding om brann i ein bygning i Schwachsgate.

Brann i Skien sentrum

Brannvesenet har starta med sløkking av brannen i Schwachsgate.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Brannvesenet er på staden og reporter Bo Lilledal Andersen fortel om tjukk svart røyk som veltar inn over sentrum av Skien.

– Vinden kjem frå vest og det er ganske surt og vond å gå i området ved Arkaden og ved rådhusplassen i Skien sentrum.

NRK sin reporter står ved huset som brenn i Schwachsgate.

– Eg såg flammar som kom opp av taket. Delar av første etasje er utbrent, og andre etasje er også råka. Nå brenn det under konstruksjonen i taket.

Bygningen er av mur som inneheld husvære rett over gata for Lundetangen kino. Politiet opplyser at det ikkje bur nokon i bygningen.

Laster Twitter-innhold
Prestegården i Skien

Brannvesenet har rykka ut til den gamle prestegarden i Skien

Foto: Anne Lognvik / NRK

Brann i gamal prestegard

Den gamle prestegarden i Skien, ein av dei eldste bygningane i Skien, der brann det om lag samstundes. Der har det brunne i bakgarden til bygget og det brann også i konstruksjonen og eit tilbygg då brannvesenet kom til staden.

Morten Fleischer

Morten Fleischer har budd i den gamle prestegarden i Skien.

Foto: Lene Granli / NRK

Tidlegare prost i Skien, Morten Fleischer, budde i bygningen fram til 2010. Han kasta seg på sykkelen da han fekk høyre om brann i den gamle prestebustaden.

Det var jo eit sjokk. Ein brann er forferdeleg. Personleg for oss, sidan det har vore heimen vårt i mange år. Men det er enda viktigare for Skien og byens historie. Dette er det einaste bygget som står igjen etter den store bybrannen i 1886, seier Fleischer.

På veg ned til prestebustaden så han at det var lite røyk og tok det som eit godt teikn.

Brann i Skien

Røyken frå brannen i Schwachsgate var godt synleg i sentrum av Skien.

Foto: Guro Lilledal Andersen / NRK

Mistenker at brannen er påsett

Brannsjef i Skien, Guttorm Liebe, trur den raske reaksjonen til brannvesenet har vore med på å redda bygningen.

Guttorm Liebe, brannsjef

Guttorm Liebe, brannsjef i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det brann mest utvendig med fare for at det skulle spreie seg til bygningen. Men brannvesenet har sørga for at brannen ikkje spreidde seg til bygningen.

Liebe fortel at også sprinkelanlegget inne i den gamle prestegarden også blei utløyst. Prestegarden overlevde bybrannen i Skien i 1886.

– Den er ein av dei eldste bygningane i Skien.

Stple Fuglaas, innsatsleiar i politiet

Ståle Fuglaas, innsatsleiar i politiet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Når det startar brannar i to bygningar med så kort mellomrom. Kva tenker du da?

Nei. Då luktar det at det er ein som er ute og tenner på.

Innsatsleiar i politiet, Ståle Fuglaas, fortel at det nå er kontroll på båe brannane i Skien sentrum.

– Vi ser på dei to brannane i ein samanheng. Og etterforskar dei breitt både med kriminalteknikarar og etterforskarar på staden.