NRK Meny
Normal

Mindre trafikk etter at bommane kom

Etter at det vart sett opp nye bommar i Grenland har biltrafikken gått ned. Tala syner også at fleire tek sykkelen fatt.

Bypakke Grenland - antennepunkt

FÆRRE BILAR: Etter at innkrevjinga av bompengar starta i Grenland, har det vorte mindre trafikk på vegane. Dette bilete vart teke kort tid før innkrevjinga starta.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Tal frå Statens vegvesen syner at biltrafikken i Grenland var mellom fem og ti prosent lågare i oktober i år, samanlikna med oktober 2015. Den 3. oktober gjekk startskotet for bompengeinnkrevjinga i Bypakke Grenland. No ser det ut som om bommane gjev resultat.

– Desse tala er omkring det me hadde forventa og det er eit skritt mot det målet me har sett oss, seier prosjektleiar i Bypakke Grenland, Olav Risholt.

Olav Risholt

SOM FORVENTA: Prosjektleiar i Bypakke Grenland, Olav Risholt, seier han ikkje er overraska over dei nye tala.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

For når bommane har stått i eitt år, er målsettinga at trafikken skal ha gått ned med fem prosent.

– Viss me når måla våre, kan det gje oss auka bevillingar frå staten, seier Risholt.

Tilbod på kollektivtrafikk

Tala syner også at det har vore stor vekst i kollektivtrafikken. Metro og pendelliner har hatt ein vekst på over 17 prosent, og 30.000 fleire personar tok i bruk kollektivtransport i år, samanlikna med oktober i fjor.

Denne veksten kan ikkje berre innkrevjinga av bompengar ta æra for. Bussen kosta nemleg berre ti kroner i ein periode på 14 dagar i oktober.

Tone Berge Hansen

POSITIV: Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Tone Berge Hansen, tykkjer det er bra så mange tek i bruk kollektivtrafikk.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Det er gledeleg å sjå at folk no tek i bruk kollektivtransporten etter at bommane kom, seier fungerande fylkesordførar i Telemark, Tone Berge Hansen.

Skal me tru Hansen vil dei låge prisane på kollektivtransport ikkje gje seg med det fyrste.

Me har blant dei lågaste prisane i Noreg no, og eg trur det viktig å halde fram på den måten, slik at flest mogleg kan ta kollektivtransport, seier Hansen.

Vinteren kan stoppe trenden

Når me no går inn i vintermånadene trur ikkje Risholt at tala vil verte like gode. Oktober har nemleg vore ein varm månad i år.

Det er nok ikkje så freistande å ta sykkelen når det ligg 30 centimeter snø, seier Risholt.

Fyrst når tala for november kjem, vil ein kunne sjå kva effekt vinteren har for trafikken.

  • Tyveri på byggeplass

    Det er stjålet forskjellige byggevarer som parkett, dører og toaletter fra en byggeplass ved Felehovet på Gautefallheia i løpet av siste døgn. Politiet ønsker tips.

  • Barn fløyet til sykehus

    Ett barn er fløyet til sykehus etter trafikkulykken i Tuddal. En annen person er kjørt til legevakt med ambulanse. Det var fire personer i bilen og årsaken til ulykken er glatt føre, opplyser politiet.

  • Bil av veien i Tuddal

    Alle nødetater er på vei til Tuddalsvegen etter at en bil med fire personer har kjørt av veien, melder politiet på Twitter.

  • Sverige vil ha vinter-OL

    Sveriges Olympiske Komité stadfestar at dei jobbar med ein søknad om vinter-OL i 2026. I oktober vart det kjent at også Telemark vil bli med i kampen om eit OL. Men innan idretten og politikken meiner fleire at vi bør heie på Sverige denne gongen.

    Telemark 2026
    Foto: Roald Marker / NRK