Hopp til innhold

Såg ikkje bommen i mørket

PORSGRUNN (NRK): Trygg Trafikk reagerer kraftig på at bommar ikkje er betre merka for gåande og syklande i mørket. No har kommunen utstyrt ein bom i Porsgrunn med LED-lys, etter at ein person trefte bommen da han kom syklande.

Trefte bom i 25 kilometer i timen

VANSKELEG Å SJÅ: Kan du sjå bommen før det er for seint?

– Hadde eg hatt ein sykkel med lågare styre så kunne det fått fatale følgjer, seier Nils Martin Brandvik.

Han fekk stygge skader etter at han, i full fart på EL-sykkelen sin, trefte ein bom i Porsgrunn. Brandvik jobbar i NRK og var på veg heim i nattemørket etter ei fullført kveldsvakt. Han hadde ei fart på omkring 25 kilometer i timen da det smalt.

Nils Martin Brandvik

TREFTE BOMMEN: NRK-produsent, Nils Martin Brandvik, fekk seg ein støkk da han trefte bommen i høg fart med sykkel.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Eg skimta noko gult da eg var ein halv meter ifrå den, også var det bråstopp, seier Brandvik.

Sjå meir om den dramatiske hendinga i videovindauget øvst i saka. Der kan du blant anna sjå kor vanskeleg det var å sjå bommen i nattemørket.

LED-lys

– Det må jo leggjast til rette for gåande og syklande når slike bommar vert sett opp. Det må gjerast noko med, eller så mistar kommunen truverda si, sa leiar i Trygg Trafikk Telemark, Brita Straume, da ho fekk sjå videoen frå NRK.

NRK tok også med videoen til Porsgrunn kommune. Kjell Myren i trafikketaten vart overraska da han skjønte kor vanskeleg det var å sjå bommen.

– Her er det jo montert på gode refleksar, så eg er veldig overraska over at den er så vanskeleg å sjå, seier Myren.

I etterkant av ulykka har kommunen montert LED-lys på bommen. Dei skal lyse til ei kvar tid og hindre at fleire personar skal ha uheldige samanstøyt med det gule metallrøyret.