NRK Meny
Normal

Matjord må vike for gang og sykkelsti

Bønder er uroa over at det forsvinn stadig meir verdifull matjord til vegar, bustader og andre formål.

Bonde Øyvinn Lund og grunneier Tove Larsen

Bonde Øyvinn Lund og grunneigar Tove Larsen vil ikkje ha asfalt på matjorda der det blir dyrka korn.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

I Skien vil kommunen legge traseen for ein ny fylkesveg rett over eit jorde der det i dag blir dyrka korn.

– Viss det kjem ein ny veg her, så blir fem mål med dyrka jord borte, seier bonde Øyvinn Lund.

Det er nord i Skien kommunen vil legge om fylkesvegen, og lage gang og sykkelsti. Til våren blir det sådd nytt korn på desse jorda, men kanskje ikkje i framtida.

Created by InfoDispatcher

Fotograf Berit Heggholmen

Produserer korn til brød

Bonde Øyvinn Lunde har leigd jorda til grunneigar Tove Larsen i 25 år.

– Eg ønskjer at det framleis skal vere dyrka jord her, seier Larsen.

Bondelaget seier at det er matjorda som forsvinn når dyrka mark blir bygt ned med asfalt og betong.

Kim Erik Ellingsen, Gjerpen og Solum Bondelag

Kim Erik Ellingsen i Bondelaget.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Leiar i Gjerpen og Solum Bondelag, Kim Erik Ellingsen, fortel at matjord som blir bruka til å dyrke korn går til å lage brød.

– Det blir produsert korn til om lag to brød per kvadratmeter med matjord på desse jorda, seier Ellingsen.

Og når matjord forsvinn går den til å bygge vegar, bustader og industrifelt.

– Dei siste femten åra har det forsvunne grovt rekna 2500 mål med matjord i Skien. Og det blir om lag 2,5 millionar brød som kunne vore produsert på denne dyrka marka som er borte, seier Ellingsen.

Meiner det finst alternativ

I stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken står det at matjord ikkje skal brukast til anna enn å produsere mat. Men det finst unnatak.

Terje Sjøvaag, Grenland landbrukskontor

Terje Sjøvaag i Grenland landbrukskontor.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Terje Sjøvaag, landbrukssjef ved Grenland landbrukskontor, seier at det hender at det er andre grunnar som veg så mykje tyngre at omsynet til jordvernet vike.

– Det å kunne kome seg til byen på ein gang- og sykkelveg har vege tyngre enn omsynet til jordvern i dette tilfelle, seier Sjøvaag.

Bonde Øyvinn Lund synest det er synd at den dyrka marka blir bygt ned.

– For det er den finaste dyrka marka i landet, og det finst andre alternativ for å bygge veg, seier Lund.

  • Mann meldt for køyring i rus

    I Skien vart ein mann meldt for å ha køyrt ein bil i påverka tilstand. Førarkortet er beslaglagt og prøve er tatt.

  • Stans for semitrailer

    På Fv 200 ved Halen gård i Langesund har ein semitrailer fått ein stans. Det er mogleg å passere forbi, opplyser politiet.

  • Røyklukt i Sør-Noreg

    Det er røyklukt fleire stader i Sør-Noreg som truleg stammar frå skogbrannen i Portugal og Spania. Stormen Ophelia har dratt med seg lufta nordover.

  • Klage på Klovefoss kraftverk

    Naturvernforbundet i Telemark har klaga på vedtaket om bygging av Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat ser ikkje at det er grunnlag for å endre vedtaket. Klaga er sendt over til Olje- og energidepartementet for endeleg avgjerd.