Her vil Skien kommune bygge ny ungdomsskule.
Skien fekk ikkje noko svar av Miljøverndepartementet på den kontroversielle skuleutbygginga på Mæla då kommunen vitja departemententet igår.
Den nye ungdomsskulen skal ligge på dyrka mark og både fylkeslandbruksstyret og landbruksdepartementet har alt sagt nei.
Ordførar Jan Terje Olsen har ikkje gjeve opp håpet, men innrømmer at det no hastar med å få eit svar.
- Avgjerda er blitt utsett for lenge. No håpar vi på svar før sommaren, slik at den nye skulen kan stå ferdig til skuleåret startar 2005 , seier han.
Vil ikkje greie ut alternativ
Skien føler seg bunden på hender og føter medan kommunen ventar på avgjerda om skulen får ligge på Mæla, slik eit stort fleirtal av politikarane ønskjer.
Kart over området der Mæla ungdomsskole er planlagt.
Olsen seier at dersom kommunen startar utgreiing av andre alternativ, så er det det same som å gje Miljøverndepartementet eit argument for å seie nei.
Men dersom kommunen må vente lenger på å få ei avklaring av skuleutbygginga, så vil dette forlenge undervisninga i utilfredsstillande lokale i Lunde ungdomsskole, ved sida av Ibsenhuset.
- Alle plansaker som blir anka inn for departementet bør staten kunne gje eit raskt svar på. Når det tek så lang tid vil det bli skadeverknader uansett kva svaret blir, seier Olsen.
Skuffa over fylkeslandbruksstyret
Forseinkingane fordyrar. Og tålmodet minskar hjå elevar, lærarar og foreldrerepresentanter.
- Det betyr at det vil ta lenger tid for å få løyst problema med å bygge ny ungdomsskule i Skien, seier Olsen.
Kommunen er alt på etterskot. Og skulda for det vil ikkje høgreordføraren i Skien legge på partifellen miljøvernminister Børge Brende.
Årsaka til at Skien har hamna i eit uføre, er håplaus sakshandsaming i fylkeslandbruksstyret, meiner Jan Terje Olsen.
- Eg er skuffa over fylkeslandbruksstyret. Det er der ansvaret ligg, seier han.