Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Baksås om samdrift på Søve reporter Børre Karterudseter
- Kommune: Nome
Tor Erik Baksås meiner administrasjonen tolkar fylkestingsvedtaket feil ved å presentere planar om stordrift.
- Planane bryt med målsetninga om allsidig husdyrhold på Søve, seier Baksås.
Han er litt skeptisk fordi fylkestingvedtaket går ut på å etablere eit allsidig husdyrhald på Søve i skulen sine eigne lokale.
Baksås meiner dette minner meir om ei stordrift, og kan vere ei halvprivatisering drifta ved skulen.
Må tilpasse seg røyndomen
Tor Erik Baksås og Senterpartiet meiner planane om etablering av den største og mest moderne samdrifta for mjølkeproduksjon i Telemark bryt med det fylkespolitikarane vil med Søve.
- Sjølvsagt må skulen må tilpasse seg røyndomen, seier Baksås.
Men han meiner det viktigaste for Senterpartiet er at Søve blir ein livskraftig skule som er tilpassa landbruket i framtida.