Hopp til innhold

Fant mann etter leiteaksjon på Notodden

Politiet sette i verk ein leiteaksjon etter ein mann på 78 år. No er han funnen i god behald.

Tinnemyr

Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen ved Telemark politidistrikt fortel at politiet fekk meldinga via AMK sentralen klokka 13.25 i ettermiddag.

Klokka 14.58 fekk ein politimann kontakt med den sakna mannen på stien der han hadde gått på tur.

Operasjonsleiar fortel at dei tok utgangspunkt i staden der mannen hadde parkert bilen sin før han gjekk på tur, og følgde stien.

– Han var sliten, men no er han saman med kona si igjen, seier Jansen.

Kontakt på telefon

Den 78 år gamle mannen tok kontakt med AMK-sentralen etter at han hadde gått seg vill.

– Vi hadde kontakt med mannen på telefon, men han visste ikkje kor han er, seier Jansen.

Politiet trur han er i området ved Tinnemyr i Notodden kommune og har kalla ut mannskap frå politiet og Røde Kors for å forsøke å finne mannen.