Hopp til innhold

Mange tomme celler i norske fengsel

Det er nå like mange ledige plassar i norske fengsel som det er i det nederlandske fengselet regjeringa har leigd.

Ny soningscelle hustad fengsel 271115

Dette er ei ny soningscelle i Hustad fengsel. Nå viser det seg at det er 260 ledige fengselsplassar i norske fengsel.

Foto: Gunnar Sandvik

Regjeringa har leigd eit fengsel i Nederland for å få unna soningskøen, men nå er det så mange ledige fengselsplassar her i landet at dei som blir sendt ut kunne fått plass i eit norsk fengsel.

Nils Christian Nordhus

Advokat Nils Christian Nordhus.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det set bruken av tvang i eit nytt lys, meiner advokat Nils Christian Nordhus, som nyleg forsvarte fire innsette i ei rettssak mot staten.

Han meiner at norske styremakter ikkje lenger kan bruke soningskøen som argument for å tvangsutsende fangar.

Mange ledige plassar

Regiontillitsvald Ingeborg Kivle i forbundet til dei fengselstilsette har ringt rundt i heile landet for å kartlegge kor mange ledige plassar som finst.

– Det er faktisk 260 ledige plassar i norske fengsel, i både i lukka og opne fengsel til saman, seier Kivle.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Frp meiner at dette er ei gledeleg utvikling.

– Eg synest det er veldig flott at utviklinga går i den retninga etter at vi fekk ordninga med soning i fengsel i Nederland på plass, seier Brein-Karlsen.

Kunne sone i Norge

Han meiner det fører til at politiet får tilgang på varetektsplassar, slik at færre sit over fristen i glattcelle.

– Fagforeiningane har også vore opptekne av at det har vore for mange i fengsel, og då er sikkert dei også glade for at det har gått ned.

Ingeborg Kivle er leder i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund avdeling Telemark og nestledar i Regio

Ingeborg Kivle er leder i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund.avdeling Telemark

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kivle seier at talet på ledige plassar svarar til heile fengselet som norske styresmakter har leigd i Nederland.

– Eg synest det er trist at 130 personar som sonar dommen i Nederland er blitt tvangssendt dit. Dei burde heller sone i Norge.

Ikkje behov fot tiltaket

Advokat Nils Christian Nordhus forsvara fire innsette som har motsett seg tvangsutsending til Nederland. Han meiner det som no kjem fram styrkjer saka klientane har reist mot staten.

– Utgangspunktet var at dei fire hadde venta lenge på å bli kalla inn til å sone dommen, seier Nordhus.

Og etter å ha venta ei stund blir dei kalla inn og startar å sone i Norge, og sit lenge i fengsel i Norge.

– Så blir dei møtt med eit krav om å bli tvungen til Nederland for å sone straffa si der. Dei hadde alt fått soningsplass. Og nå registrerer vi at det er ledige plassar i Norge, seier Nordhus.

Har rettsleg grunnlag

Vidar Brein-Karlsen

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Frp.

Foto: NRK

Han meiner difor at utsending til Nederland for å sone dommen er eit alvorleg tvangstiltak som råkar norske statsborgarar og familiane deira.

– Viss det er slik at det heller ikkje er behov for dette tiltaket, må vi sette eit spørsmålsteikn ved dette tvangstiltaket som styresmaktene vil bruke, seier Nordhus.

Statssekretær Brein-Karlsen seier at dei ikkje har nokon planer om å stoppe utsendinga av norske fangar til Nederland.

– Eg meiner vi har nok rettsleg grunnlag for å gjennomføre dei utsendingane vi har gjort. Men vi ventar på retten sin dom på det, seier Brein-Karlsen.

Han meiner det vil vere behov for fengselsplassane i Nederland, blant anna for å rette opp vedlikehaldsbehovet i norske fengsel.

– Vi kjem til å fortsette i dei tre åra vi har avtale om, og har opsjon på to år til, seier Brein-Karlsen.