Hopp til innhold

Ordføraren i Seljord frå KrF til Høgre

Den einaste ordføreren til Kristeleg Folkeparti i Telemark, Jon Svardal i Seljord, melder seg ut av parti. Ved kommunevalet til hausten er han kandidat for Seljord Høgre.

Jon Svartdal

Jon Svartdal melder seg ut av Kristeleg Folkeparti. Ved talet til hausen stiller han som kandidat for Seljord Høgre.

Foto: Telemark KrF

Valglogo

Det har lenge vore uklart om Kristeleg Folkeparti klarte å stille liste ved kommunevalet i Seljord. Denne veka kasta dei lokale partitoppane korte, og då var valet lett, seier Jon Svartdal.

– Eg ynskjer å halde fram i politikken, og eg ynskjer å vidareføre hovudtrekka i den politikken kommunen har ført dei siste åtte åra. Då er Seljord Høgre eit naturleg val.

– Er det og politiske grunnar til at du melder deg ut av KrF?

– Nei. I lokalpolitikken i Seljord er det lite som skil Høgre og KrF. Eg høyrer heime på den blågule sida i KrF, og innmeldinga i Høgre kan ikkje tolkast som kritikk mot den politikken partiet fører i fylket eller på Stortinget, seier den nyslåtte høgremannen.

Godt motteken i Høgre

Mandag kveld tok nominasjonsmøtet i Seljord Høgre godt mot det nye partimedlemet. Svardal fekk andreplassen på vallista, bak ordførarkandidat og stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen.

Solveig Sundbø Abrahamsen

Seljord Høgre meiner at Jon Svartdal skal vikariere som ordførar så lenge Solveig Sundbø Abrahamsen (biletet) vikarierer på Stortinget.

Foto: Roald Marker / NRK

Sundbø Abrahamsen har vore ordførar i Seljord sidan 2007, men fekk mellombels permisjon då ho blei fast vararepresentant på Stortinget i 2013.

Når Seljord Høgre no nominerer Sundbø Abrahamsen på fyrsteplass, og ordførar Jon Svartdal på plassen bak, ligg det i korta at Svartdal er påtenkt som ordførarvikar så lenge Sundbø Abrahamsen har jobb på Stortinget.

Reknar med reaksjonar

Jon Svartdal er budd på at det vil kome reaksjonar når det politiske partiskiftet blir kjent.

– Eg reknar med både positive og kan hende mindre positive reaksjonar. Men eg reknar likevel med at folk flest forstår at dette var eit naturleg val så lenge Seljord KrF ikkje stiller liste, seier Jon Svardal.

Hentar Eilefstjønn frå Sp

I tillegg til Jon Svartdal frå Kristeleg Folkeparti har Seljord Høgre henta inn ein tidlegare senterpart-politikar. Tidlegare banksjef Gunnar Eilefstjønn representerte Senterpartiet i Seljord kommunestyre seint på 70-talet. I haust stiller han for Høgre.