Hopp til innhold

Dei kjenner framleis på røyksuget

Fire søsken frå Drangedal stumpa røyken julaftan. Nå er det store spørsmålet om nokon av dei har gått på ein smell.

Lisbeth, Camilla og Ole Bjørn Wolden

Dei kjenner framleis røyksuget, men Camilla, Lisbeth og Ole Bjørn Wolden har klart halde seg røykfrie.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I vinter stilte fleire personar opp på fjernsyn og fortalde om sin motivasjon for å slutte å røyke i Helsedirektoratet sin røykesluttkampanje.

Blant nokon av dei som stilte opp var fire søsken frå Drangedal, som bor i Skien, Stavern og Drangedal. Dei ville gi mora si den julegåva ho ønska seg aller mest.

Les også: Gir mamma tidenes julegave

Har prøvd det ein gong

Tre av dei var tilbake i studio i Telemarksendinga i slutten av februar, og då var spørsmålet om nokon av dei hadde gått på ein smell.

– Eg har klart det. Ikkje ein einaste røyk, seier Ole Bjørn Wolden.

Lisbeth og Camilla Wolden

Lisbeth og Camilla Wolden før dei slutta med røyken.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Men Camilla Wolden må innrømme at ho gjekk på ein liten smell i eit festleg lag.

– Eg har prøvd å røyke ein gong, og følte eit lite nederlag. Eg har ikkje røyka etterpå, og føler meg framleis røykfri.

Lisbeth Wolden fortel at ho har klart å stumpe røyken fram til no. Og ho fortel at det har systera Vibeke også gjort.

Les også: – Inspirert av «Ingen grenser»

Var veldig trist

Det var tredje juledag i fjor dei fire syskena tok den siste røyken.

– Eg var veldig trist, og sørga litt. Eg kjente litt sorg inni meg. Det har eg gjort etterpå også, for det er noko eg saknar, seier Lisbeth.

Ole Bjørn derimot fortel at han gleda seg, når dei først hadde bestemt seg for å slutte å røyke.

– Eg gleda meg til den datoen, og det gjorde vel eigentleg ganske mykje med meg. For eg kunne ha godt samvit den siste månaden eg røykte, seier Ole Bjørn.

Les også: Sjukehus sponsar røykestopp

Kjenner røyksuget

Han har kjent på røyksuget. og har prøvd å døyve det med snus.

– Men det verkar ikkje lenger, for nikotinsuget er borte. Så snus det var bortkasta å prøve.

Likevel kjem røyksuget tilbake når han tek seg eit glas vin.

Camilla fortel at dei to-tre første dagane etter at ho slutta var dei verste.

– Då kjente eg røyksuget fysisk. Det var ordentleg tøft. Så gjekk det meir over. Og no er det heller situasjonar som gjer at du tenker på røyken. Særleg viss eg er litt stressa, eller litt lei meg. Då kjenner eg at eg saknar røyken framleis.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark