NRK Meny
  • Funn av stolen motorsykkel

    Det er funne ein uregistrert motorsykkel i Brentåsvegen i Brevik som stammar frå eit grovt tjuveri i same område. Motorsykkelen er levert attende til eigaren. Politiet ber om tips.

  • Meld ifrå om iskøyring

    Politiet i Bamble oppmodar folk til å seia ifrå om dei ser at det blir køyrd bil på islagde vatn. Tidleg i februar i år døydde ein 17 år gamal gut i ei ATV-ulykke på Ringsjøvatnet i Bamble, og politiet seier at slik køyring er meir vanleg enn dei fyrst trudde.

  • Politiet ynskjer tips

    Politiet etterlyser ein person etter at ein mann vart slått med balltre ved Circle K i Bø rundt halv tre i natt. Gjerningsmannen hadde svart kaps, grøn jakke, kvite hanskar og ein svart bag. Han hadde skjegg og var mørkhuda, ifølgje fornærma.