Hopp til innhold

– Flaut at intime meldingar kjem ut

Flaut og kjedeleg at intime meldingar kjem ut i pressa synest den drapssikta politimannen i Bamble. I helga blei det kjent at politiet har rekonstruert Skypmeldingar mellom dei to.

Rekonstruksjon.

Den sikta og avdøde hadde intim kommunikasjon blant anna på Skype. Bilete henta frå rekonstruksjon på Brevikbrua.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

33 år gamle Linn Madelen Bråthen døde 3. august i år etter fall frå Brevikbrua. Ein politimann, som var venn av familien og med på felles fest same kvelden, er sikta for falsk forklaring, og for å ha kasta eller skuva Stathellekvinnen frå brua.

Arne Lie.

Forsvarar Arne Lie seier at det ikkje er noko nytt i Skypemeldingane som politiet har fått rekonstruert.

Foto: Anne Lognvik / NRK

–Ikkje noko nytt seier forsvararen

I helga kom det fram at politiet har rekonstruert intime meldingar mellom den avdøde kvinna og den sikta politimannen

– Det har vore kjent for politiet heile tida hevdar forsvarar Arne Lie. Min klient har vore

Vibeke Hein Bæra

Trur intime Skypemeldingar kan vera viktige for å få eit komplett bilete av kva som skjedde 3. august, og eventuelt peike på eit mogleg motiv.

Foto: Anne Lognvik / NRK

open om denne kommunikasjonen, og poengtert at det berre var snakk om skriftleg meldingar, ikkje praktisk kommunikasjon.

– Betyr det at det ikkje har vore seksuell nærkontakt?

-Nei, aldri svarer forsvararen.

Mogleg motiv

Bistandsadvokat for dei etterlatne, Vibeke Hein Bæra, stadfester at dei har fått sjå Skypemeldingar, og seier ho trur det er viktig for saka.

– Dei etterlatne ynskjer berre å få svar, få vite kva som skjedde den natta, og kvifor Linn Madelen Bråthen hamna utanfor Brevikbrua og omkom. Om han dytta henne, og eventuelt kvifor. Bæra trur at Skypemeldingane og annan elektronisk kommunikasjon mellom dei to vil utfylle eit bilete, og kanskje gje grunnlag for eit mogleg motiv.

Vil korkje stadfeste eller avkrefte

Politiinspektør Kjell Johan Abrahamsen fungerer for tida som etterforskingsleiar. Han vil ikkje sei noko om innhaldet i elektroniske meldingar, eller annan kommunikasjon mellom den sikta politimannen og den avdøde kvinna.

Kjell Johan Abrahamsen, fungerande etterforskingsleiar

Fungerande etterforskingsleiar Kjell Johan Abrahamsen vil ikkje sei noko om Den elektroniske kontakten mellom offer og sikta politimann i Bamblesaka

Foto: Poltiet

– Vi nærmar oss ein konklusjon, og vil truleg ha ei avgjerd klar i løpet av få dagar. Inntil det skjer, vil vi ikkje gå i detaljar seier Abrahamsen.

– Har politimannen sletta meldingar?

– Det vil eg ikkje sei noko om, det ville vera heilt feil, seier Abrahamsen. Han legg til at dei no skal analysere og konkludere, og deretter sende si innstilling til statsadvokaten.

Trur framleis på frifinning

– Min klient trur framleis at han kjem til å bli kjent uskuldig i drap, og at siktinga blir fråfalt. Seier forsvarar Lie.

Han trur ikkje Skypemeldingane kjem til å ha av gjerande vekt for ei eventuell drapstiltale.

Forsvarar Arne Lie har fått informasjons frå politiet i Vestfold om at dei truleg avsluttar sitt arbeid i løpet av denne veka.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark