Hopp til innhold

Fekk håret tilbake

Den hårlause elgen som blei fotografera av eit viltkamera i Drangedal i vår, har fått håret tilbake.

Elg med og uten hår

På biletet til venstre ser ein korleis elgen såg ut i vår. Tidlegare i haust blei biletet til høgre tatt, og elgen har fått håret tilbake. Legg merket til hakket i elgens venstre øre.

Foto: Viltkamera

Elgen er lett å kjenne igjen grunna eit markant hakk i venstre øre. Den vaksne elgoksen har halde seg i same område over lengre tid, men tidleg i vår såg den svært pjuskete ut.

– Det fyrste eg tenkte var at denne elgen ikkje er frisk, sa seniorinspektør i Mattilsynet Sigurd Espeland da han fekk sjå biletet i vår.

Sigurd Espeland

Veterinær i Mattilsynet Sigurd Espeland er glad for at elgen ser ut til å vere i fin form.

Foto: Stig Jaarvik

Han sa vidare at elgen kunne vere ramma av ein slags sjukdom, men au at elgen kunne ha vorte angripen av hjortelusfluga. Han hadde aldri sett maken.

– Eg har sett bilete av naken elg før, men aldri så ille som denne elgen her, sa Espeland.

– Gledeleg

Etter å ha fått høyre at elgen er fotografera på nytt, med hår, er Espeland glad for at oksen ser ut til å vere i fin form igjen.

Kongen med hår

Elgen har vore avbilda fleire gonger, og slik såg den ut i oktober 2013.

Foto: Viltkamera

– Det er sjølvsagt gledeleg. Det viser at elgen ikkje er sjuk, og det er alltid bra at dyr er friske, seier Espeland.

Han var i kontakt med veterinærinstituttet da han fekk bileta av den sjuke elgen i vår. Der fortalde Knut Madslien, som har tatt doktorgrad på elg, at stort håravfall på våren ikkje var heilt uvanleg.

Ikkje hjortelusfluge

Dei nye bileta av elgen indikerer at elgen ikkje har vorte angripen av hjortelusfluge.

Elg med hentesveis

Slik såg elgen ut i vår.

Foto: Viltkamera

– Da ville han antakeleg ikkje fått håret tilbake på same måte som han nå har fått, seier Espeland.

Han seier vidare at sjølv om det er hjortelusfluge i Telemark, har den ikkje vore observera i Drangedal dei seinaste åra.

– Hjortelusfluga er ein dårleg flygar, slik at den spreier seg ved å gå frå elg til elg. Derfor gjeng spreiinga relativt seint, seier Espeland.

Så står att det å sjå om elgoksen klarer seg gjennom jakta, og om eventuelle nye bilete kan bli tatt neste år.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark