Hopp til innhold

Skal inspirere til økologisk jordbruk

SKIEN (NRK): No skal bønder over heile landet inspirerast til å dyrke økologisk mat. Ei gruppe bønder har fått i oppdrag å reise rundt å "misjonere" før økologisk produksjon.

Bonde oppe på eit gulrotberg

INSPIRASJONSBONDE: Per Arne Hoppestad har stor tru på ei økologisk framtid i landbruket.

Foto: Anne Lognvik

– Stadig fleire spør etter økologiske varer, og det må me ta på alvor, seier inspirasjonsbonde Per Arne Hoppestad.

– Eg er superoptimist, og har tru på at det også økonomisk er ei framtid i dyrking av reine og sunne varer.

Flaske og pakker med spirer i snøen

Kombucha og mange ulike spirer. Helsefremjande seier bonden som sjølv eter spirer til nesten alle måltid.

Foto: Anne Lognvik

Per Arne Hoppestad i Skien er ein av 30 inspirasjonsbønder som skal ut og tenne gnisten hjå kollegaer i landbruket. Til veka skal Hoppestad fortelje om sin økologiske produksjon på eit inspirasjonsseminar på Århus forsøksgard i Skien.

Les også: Endeleg vil folk ha mjølka han produserer

Guddommeleg te og helsefremjande spirer

På Hoppestad i Skien produserer Hoppestad saman med ein kollega noko dei kallar "guddommeleg te" inspirert av ein eldgamal livseliksir frå Asia som heiter KOMBUCHA. I tillegg lagar dei ei rekkje grønsakspirer som skal vera overmåte sunne.

Hoppestad er ein av dei store grønsaksprodusentane i landet. Dei driv stort med konvensjonell grønsakproduksjon, men legg meir og meir over til økologiske grønsaker og spirer.

Kombucha

Kombucha kan vera alternativ til brus.

Foto: Anne Lognvik

Nytt av året er den "guddommeleg teen". Te frå Kina miksa med bakteriekulturar frå Skien og Norge gjev ein eplesideraktig lett gjæra drikk som i følgje Hoppestad er eit veldig godt alternativ til brus og andre leskedrikkar.

– Med ei flaske kombucha om dagen har du sikra deg mykje av den næringa og vitamin som kroppen treng, påstår Hoppestad.

Ei framtid i økologisk produksjon

– 30 bønder over heile landet er plukka ut og spurt om dei er viljuge til å dra rundt og gje praktiske råd og hjelp til bønder som vurderer å gå over til økologisk produksjon, seier Aina Bartmann, leiar for Økoløft.

Gjennom eit historisk samarbeid i landbruket har sju store organisasjonar gått saman om å få til eit korps av inspirasjonsbønder.

Aina Bartmann

ØKOLØFT: Aina Bartmann vil hjelpe bønder til å produsere økologisk.

Foto: privat

– Forbrukarane spør etter meir økologiske varer. Det langsiktige målet med dette prosjektet er at me skal kunne halde tritt med etterspurnaden, seier Bartmann.

– Verda endrar seg, det må me også gjera, seier inspirasjonsbonde Per Arne Hoppestad.

Han meiner innovasjon handlar om å utvikle seg, ikkje vera redde for å prøve nye ting.

– Eg trur det ligg ei framtid i økologisk grønsakproduksjon, avsluttar Hoppestad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark