Hopp til innhold

IT-bransjen skrik etter folk – Plukkar studentane frå skulebenken

BØ (NRK): IT-bransjen er fortvila over mangelen på folk. – Noko av det tryggaste du kan utdanne deg til om dagen, seier NAV.

IT-student jobbar med bachleor

VIKTIG FOR NOREG: NAV spår at IT-bransjen vil verte viktig for den norske arbeidsmarknaden framover.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er utruleg herleg, seier IT-student Rolf Ivar Vikestad.

Han sit i eit rom fullt av datamaskiner på Høgskulen i Søraust-Noreg, og smiler bredt. Fleire månader før han er ferdig med den treårige utdanninga i Bø, har han fått fast jobb i eit selskap som lagar nettsider.

– Eg fekk tips frå høgskulelektoren her, Jon Kvisli, om at dei leita etter folk, også slang eg inn ein søknad, gliser Vikestad.

Det er ikkje fyrste gongen Kvisli hjelper studentane sine ut i arbeidslivet, og det vert nok ikkje siste gongen heller.

– Me merkar at det er stor etterspørsel etter folk om dagen, og me får mange førespurnader frå bransjen, seier Kvisli.

Rolf Ivar Vikestad

GODE TIDER: IT-student, Rolf Ivar Vikestad, seier han har fått tilbod om fleire jobbintervju den siste tida. Studenten har no fått fast jobb, før han er ferdig med utdanninga.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Treng fleire folk

Ein av bedriftene som rekrutterer studentar er Atea Noreg, som er ein av dei største bedriftene i IT-bransjen i Norden.

– Det er eit stort behov for folk om dagen, og innanfor fleire fagfelt vert det kamp om dei same personane, seier Michael Jacobs, som er direktør i Atea Noreg.

Difor er bedrifta heilt avhengig av å rekruttere tidleg, og har eit eige program som skal føre unge IT-studentar inn i Atea.

– Det er viktig å få tak i unge folk som har vakse opp med teknologi i fingrane, seier Jacobs.

Jacobs meiner Noreg har eit forsprang på resten av verda innanfor IT og teknologi. Han er redd Noreg vil miste dette forspranget om ikkje rekrutteringa aukar.

Michael Jacobs - Direktør Atea Noreg

UROLEG: Direktør i Atea Norge, Michael Jacobs, likar ikkje at det er for få folk å rekruttere i IT-bransjen.

Foto: Atea

Vil starte tidlegare

I NAV merkar dei også at etterspurnaden etter IT-folk har auka.

– Me får også mange førespurnader frå bransjen, og når me fyrst får inn IT-folk som er arbeidsledige, går det ikkje lang tid før dei er i jobb, seier direktør i NAV Telemark, Terje Tønnesen.

Han er ikkje i tvil om at IT-bransjen vert viktig for Noreg framover.

– Me trur dette er ein bransje som vil trenge folk i lang tid framover, og det er nok ein av dei tryggaste yrkesvegane å gå.

NAV-direktøren meiner rekrutteringa må starte tidlegare enn høgskulenivå, skal ein klare å dekke etterspurnaden frå bransjen.

– Me jobbar ein del med yngre folk, og prøver å spore dei inn mot IT-bransjen der det er naturleg. Koding i barne- og ungdomsskulen er også noko ein bør satse meir på.

NAV-direktør Terje Tønnesen

MANGE FØRESPURNADER: Telefonen til NAV-direktøren i Telemark, Terje Tønnesen, ringer fort om dei får inn arbeidsledige IT-folk.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Administrerande direktør i IKT Noreg, Heidi Arnesen Austlid, meiner at IT-næringa i Noreg er underbemanna.

– Viss du har ei IT-utdanning i botn er du garantert ei sikker og spennande framtid. Behova for IT-kompetanse vert større og større ikkje berre for IT-næringa, men også for alle andre næringar, seier ho.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark