Hopp til innhold

– Klarar å skilte vekk E 134

– Vegvesenet gløymer bevisst å skilte E 134 som vegsamband mellom Vest- og Austlandet.

E134

E 134 er ein viktig for tungtransporten mellom Aust og Vestlandet. Men Ragnvald Christenson meiner den er for dårleg skilta som eit alternativ til riksveg 7 og E 16.

Foto: Harald Inderhaug

Ragnvald Christenson i Haukeli meiner det går føre seg ein skjult kamp om å bli hovudvegsambandet mellom Aust- og Vestlandet.

– E 134 er bevisst gløymt av Vegvesenet, hevdar Christenson.

Han meiner at vegen er så dårleg skilta både frå Bergen og Oslo at bilistane vel Riksveg 7 eller E 16 i staden.

Han viser til at alle løyvingar til riksvegar er tufta på årsdøgntrafikk, og den vegen som får størst årsdøgntrafikk har også størst sjanse til å få mest pengar.

Ragnvald Christenson

Ragnvald Christenson etterlyser skilting for E 134 i Bergen.

Foto: Ragnvald Christenson

– Klarar dei å skilte vekk E 134, slik at den får mindre årsdøgntrafikk, så tapar den i konkurransen mot E16 og Riksveg 7, seier Christenson.

Les og:

Nytt for vegvesenet

Men Vegvesenet avviser dette argumentet.

– Det var nytt for meg, seier ein lettare overraska Arnfinn Ansok.

Han er sjefingeniør i Statens vegvesen region vest og fortel om omfattande planar for E 134 over Haukelifjell.

– Det blir arbeidd med ein reguleringsplan som kortar ned strekninga med 11 kilometer og to lange tunnelar som tar vekk høgdeforskjellar, seier Ansok.

Arnfinn Ansok

Arnfinn Ansok i Statens vegvesen region vest.

Foto: Ketil Jordan/NRK

Han meiner det vil skape ein Europaveg med god regularitet, og at det vil bli ein heilt ny veg når det kjem på plass.

– Og eg håpar det ikkje tar alt for lang tid, seier Ansok.

Les og:

Viktig for Haugalandet

Ragnvald Christenson er uroa, sjølv om dei fleste veit om riksvegalternativa dei kan velje mellom Aust til Vest og ikkje treng skilt for å finne fram.

– Men kvifor er den eine vegen så intenst godt skilta, mens den andre ikkje er det?

Arnfinn Ansok i vegvesenet vil ikkje peike på kva for veg som bør vere skilta som hovudfartsåre.

Han viser til at for dei som bur på Haugalandet er E 134 ein utruleg viktig veg. Og for tungtransporten mot det sentrale Austlandet er den svært viktig.

– Vegen over Haukeli er i mine auge ein svært viktig veg. Eg skal ikkje prøve å rangere dei, seier Ansok.

E134

E 134 mellom Drammen og Haugesund skal bli 11 kilometer kortare.

Foto: AS Haukelivegen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark