Hopp til innhold

Politiet: – La bilen stå

Meteorologane har sendt ut farevarsel for å åtvare trafikantane mot glatte vegar i ettermiddag og kveld.

Ulykke Liertoppen

Ulykke ved Liertoppen i Buskerud i ettermiddag.

Foto: Vegard M. Aas / Presse30.no

Det er vanskelege køyreforhold fleire stader både i Nord- og Sør-Noreg i kveld.

I Oslo ber politiet folk å la bilen stå, dersom det ikkje er strengt nødvendig å køyre bil. Dei siste timane har dei fått meldingar om fleire ulykker og uhell.

Laster Twitter-innhold

På E18 ved Liertoppen har ein bil snurra på taket. Ein bilførar er køyrt til sjukehus. På E18 i Bamble har eit vogntog sklidd av vegen. På E18 ved Telemarksporten har ein bil hamna i autovernet.

På riksveg 7 i Hordaland står tre trailerar på kryss og tvers, ifølgje Vegtrafikksentralen. I 22-tida måndag kveld vart vegen stengt.

Ulykke Telemarksporten

På E18 ved Telemarksporten har ein bil køyrt i autovernet i kveld.

Foto: Lars Tore Endresen

Livstruande skadd i Troms

I Troms har det i ettermiddag vore fleire ulykker rundt éin kilometer nordvest for Nordkjosbotn på E8. Der har vogntog hamna på kryss og tvers, og føraren av ein personbil er sendt til Universitetssjukehuset i Nord-Norge med alvorleg skade. Mannen i 20-åra er ikkje utanfor livsfare og situasjonen er ustabil, seier pressevakt ved UNN, Jørn Resvoll.

Statens vegvesen anbefaler omkøyring for personbilar via fylkesveg 858 Ryaforbindelsen.

Eit vogntog har også hamna i grøfta på E6 ved kommunegrensa til Kåfjord og Nordreisa.

Meteorologene har sendt ut farevarsel for å advare trafikantene mot glatte veier i kveld.

Meteorologene har sendt ut farevarsel for å advare trafikantene mot glatte veier i kveld.

Gult farevarsel

For Østfold, Vestfold, Telemark og Aust-Agder har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel for å åtvare trafikantane som skal ut og køyre i ettermiddag og kveld.

– Nedbøren har kome inn over kysten av Sørlandet, og er på veg austover utover ettermiddagen. I låglandet kjem det som regn som kan fryse på bakken, og i høgareliggande strøk vil det snø, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Ho seier det kan bli krevjande køyreforhold, men ikkje verre enn ein må rekne med i januar.

– Men sjølv om ein er klar over at det kjem, viser det seg at det ofte blir problem i trafikken likevel, seier Moxnes.

– Køyr etter forholda

Anniken Island hos Statens vegvesen region sør seier i 12-tida at det førebels er roleg på vegane, men at ho reknar med mange telefonar om glatte vegar utover dagen.

– Forventar du mange ulykker og uhell i trafikken i dag?

– Nei, det gjer eg ikkje. Både bilistane og entreprenørane som har ansvar for vedlikehaldet av vegane er varsla om at det blir glatt, så folk må berre køyre deretter, seier Island.

Laster Twitter-innhold

Vanskelege forhold i nord

I Ofoten, Vesterålen og Troms var det meldt om krevjande køyreforhold på grunn av sterk vind, snø og snøfokk i dag.

Ulykke E8 Nordkjosbotn

Det har vore ekstremt glatt på E8 ved Nordkjosbotn i Troms.

Foto: Pål Hansen
Laster Twitter-innhold

Frå Støtt i Nordland til Slettnes i Finnmark er det meldt kraftig vind det neste døgnet. Meteorologane oppmodar folk om å sjekke farevarselet på yr.no.

– Vanskeleg å sjå om det er glatt

Nils Sødal i NAF minner om at det er vanskeleg å tilpasse farta når heile vegbanen blir dekka av eit tynt islag når regnet frys på bakken.

Det er utfordrande å køyre bil på glatt føre, spesielt når det er underkjølt regn. Når regnet fryser til is med ein gang de treffer bakken, blir hele vegbanen dekket av et tynt islag.

– Møter du på underkjølt regn er det viktig å tilpasse farta – meir enn du trur, seier Sødal.

Han oppmodar til å teste veggrepet.

– Prøv å bremse nokre gonger og kjenn på motstanden i rattet. Det er vanskeleg å oppdage dette vanskelege føret før det er for seint, seier Sødal.