Gir seg i First House etter fem år

First House gründer Bjørn Richard Johansen sluttar i First House, og går over til eigedomsbransjen.

Bjørn Richard Johansen

Bjørn Richard Johansen har profilert prosjektet 'Invest in Telemark' dei siste par åra.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK
Ragnar Luraas
Journalist

I 2009 tok Bjørn Richard Johansen initiativet til å starte First House. Etter fem år som ein av byråets mest profilerte partnarar, blir han nå sjef i eit eigedomsselskap. Det er Dagens Næringsliv som først omtala saka.

– Eg fortset som assosiert partnar i First House og skal halde i nokon prosjekt som rådgivar. Men frå nyttår går eg inn i ein ny rolle som dagleg leder i eit nytt eigedomsselskap under etablering med solide og erfarne eigarar. Selskapet vil ha fokus på å skape gode og tilrettelagde bustader, buformer og tenester for blant anna eldre og omsorgsmarknaden. Ut over det, vil eg i årene framover kunne ta på meg nokon styreverv i næringslivet, skriv Johansen i ein e-post til DN.

Dei siste par åra har selskapet vore høgprofilert i Telemark for deira «Invest in Telemark»-prosjekt med Telemark fylkeskommune og Innovasjon Norge.

– Ingen dramatikk

Johansen har vore partnar og ein noko trekt tilbake rolle i selskapet. Nå trer han altså ut, men ikkje helt.

– Dette har vore godt planlagt lenge, så der er ingen dramatikk i dette. Bjørn Richard har gjort ein svært god jobb med First House helt frå starten, så frå nyttår går han over som assosiert partnar i ein friare rolle, seier administrerande direktør i First House, Per Høiby til Dagens Næringsliv.