SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Bjørn har teke fire sauer i Tinn.
Førstekonsulent Espen Marker i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Telemark meiner at vi må leve med konflikten mellom rovdyra og sauenæringa.
- Konfliktnivået er mindre nå enn det har vore tidlegare år, sier Marker.
Han seier at Telemark ligg på eit planlagt nivå når det talet på dyr som gaupa har teke.
Det er fastslått at også bjørnen har drepe sau i året som er gått. Det har skjedd i Tessungdalen i Tinn der er det betalt ut erstatning for fire sauer som bjørnen har teke.
Ny rovviltmelding
Ulven vandrar i Telemark.
Ulven har drepe ti sauer det siste året, i følgje Fylkesmannen. Og Espen Marker ser ikkje bort frå at ulven kan ta fleire dyr i åra som kjem.
Blant anna fordi det har kome ei ny rovviltmelding som vil tillate einslege ulvar å vandre rundt om i fylket.
- Det er sjølvsagt fare for at dei kan gjere innhogg i enkelte saueflokkar, seier Marker.