NRK Meny
Normal

Frykter plyndring av verdsarv

RJUKAN (NRK): Mistenkeleg aktivitet ved verdsarv gjer at fleire fryktar plyndring av skipsvrak.

Lokalhistorikar Bjørn Iversen har fått fleire telefonar frå Tinnsjøens bekymra naboar. Iversen er i aller høgaste grad bekymra og seier at det er stor sjanse for at det skjer plyndring av ferja DF "Hydro" på botn av Tinnsjøen.

– Det har vore observera båtar med ljoskastarar ved bøya som skal markere kvar ferja ligg. NRK-serien "Kampen om tungtvatnet" har gjort verdsarva kjent og det er nok mange som finn interesse i å plyndre til seg ein bit av historia, seier Iversen.

Fungerande verdensarkordinator Eystein Andersen reagerer sterkt på dei nye opplysningane.

Eystein Andersen

Eystein Andersen frå fylkeskommunens kulturminnevern.

Foto: Tom Ole Buaas

– Dette må vi jo i så fall melde som brot på kulturminnelova, seier han. DF "Hydro" er freda automatisk, fordi det er eit skipsvrak som er eldre enn 100 år.

Han viser til at det er ein viktig del av norsk historie som nå er truga.

– Ljos frå lanterner

Ein av dei som har sett den mistenkelege aktiviteten er Ronny Abrahamsen. Han har kjøyrd buss på Tinnsjøvegen sida 1991.

Ronny Abrahamsen
Foto: Tom Ole Buaas

– Eg ser når noko er annleis på vatnet. Og eg og passasjerane på bussen vart einige om at me såg ljos frå lanterner på ein båt.

Klokka var 23.00 dei tre dagane Abrahamsen såg båten på innsjøen, og han tenkte brått at det var ugler i mosen.

– Eg trur ikkje dei ligg der i båt utan at det har noko med vraket å gjere. Dersom det ikkje var noko mistenksamt, kunne dei ha vore der i dagsljos, seier han.

Vurderer dykkeforbod

DF "Hydro" fekk verdsarvstatus i sommar. Eystein Andersen er einig med Iversen i at oppmerksomheten rundt tungtvannsserien og verdsarvstatusen har skapt interesse for "Hydro".

– Lokalbefolkninga må vere oppmerksom og følge med på kva som skjer og melde frå, seier han. Han ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt med vakter rundt innsjøen og det vurderast nå å innføre dykkeforbod på Tinnsjøen for å sikre vraket.

Tinnsjøen

Tinnsjøen på Rjukan.

Foto: Tom Ole Buaas

Andersen tilføyer at det også er observera bil med stor tilhengar på Tinnsjøvegen.

– Forkasteleg!

Plyndring som dette er svært utbreidd på verdsbasis og det er et aukande problem som UNESCO har eit stort fokus på og ønsker å stoppe.

– Det er dykkere og andre som er interessera i denne type ting og ofte blir delar selde på det illegale kunstmarknaden, seier Eystein Andersen.

Bjørn Iversen er svært opprørt over det som tilsynelatande er eit problem.

Tinnsjøen

Minnesmerke ved Tinnsjøen.

Foto: Tom Ole Buaas

– Det er eit minne som skal få lov til å vere det det er, utan at nokon skal ha det som trofé. Dersom dette er ein realitet er det forkasteleg og uhøyrd. Det er jo ei grav og det er trist dersom den ikkje kan stå i fred. Eg har ikkje ord. Makan!

Politiet har ikkje sett i gang noko målretta aktivitet, men ventar på tips.

  • Lid Byggland utslått i semifinalen

    Ånund Lid Byggland ble nummer fire i sitt semifinaleheat under sprinten på Beitostølen lørdag. Bror Torgeir Lid Byggland og Mikael Gunnulfsen klarte ikke å gå videre fra kvartfinalene.

  • E 134 åpnet for normal trafikk

    E 134 over Haukelifjell er åpnet for vanlig trafikk igjen etter at uvær førte til kolonnekjøring lørdag formiddag.

  • Dieselvarmer ga brannutrykning

    Brannvesenet og politiet rykket ut etter melding om mulig bilbrann ved Down Town i Porsgrunn lørdag formiddag. Røyken som kom fra bilen viste seg å stamme fra bilens dieselvarmer.

  • Vant Gründeridol 2017

    Ungdomsbedriften Lamify UB fra Skien videregående skole vant Gründeridol 2017 i Telemark. 35 ungdomsbedrifter deltok i konkurransen om å ha de beste forretningsideene. Lampifys idé er å kombinere lampe og brannvarsler i ett produkt.