Hopp til innhold

Fryktar kø og kaos når E18 blir stengt

PORSGRUNN (NRK): Tusenvis av sommarturistar rammes når E18 stengjast i lang tid.

Stenger E18 i Telemark 21. april

Vegvesenet har sett opp skilt som varslar om at E18 blir stengt frå i dag, 21. april. For dei som er lokalkjente så blir det skilta omkøyring via Heistad over Breviksbrua og gjennom Høgenheitunnelen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Når E18-tunnelane på grensa mellom kommunane Bamble og Porsgrunn blir stengt i dag, blir det omkøyring via riksveg 354.

Eivind Gurholt, Statens vegvesen i Telemark

Eivind Gurholt i Statens vegvesen, Telemark, seier det kan vil bli kø på omkøyringsvegen til visse tider.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Fryktar dagar med stor utfart

Dermed må både faste trafikantar og sommarturistar frå no køyre av hovudvegen mellom Oslo og Sørlandet. I staden vil trafikken passere Heistad, gå forbi Brevik, over Breviksbrua og gjennom Høgenheitunnelen, for dei som er lokalkjende.

Sjølv om dei som bor langs omkøyringsruta fryktar at også kvardagstrafikken kjem til å lugge, er det turisttrafikken i helgane og i feriane som kjem til å skape kaos.

– Vi får ein test på korleis det vil gå til helga. Det er òg ein del langhelger i mai med stor utfart, seier Eivind Gurholt i Statens vegvesen i Telemark.

E18-OMKJORINGY

Utfordrande ferietid

Trafikken som kjem frå nord, altså frå Oslo, blir leid av E18 ved Kjørholt og inn på omkøyringsvegen.

Trafikken som kjem frå sør blir leia inn på ei nybygd rampe direkte til Høgenheitunnelen og via Breviksbrua til rundkøyringa ved Heistad og ut på E18.

Omkøyringsvegen er skilta i båe retningar.

Vegvesenet reknar med det blir køkøyring i helgene som kjem.

– Ja. Ferietid og helgene framover blir ei utfordring, og då må ein rekne med at det blir kø, seier Gurholt.

Trafikken blir tre gonger større

Vegvesenet sine anslag tyder på at trafikken truleg blir tredobla på omkøyringsvegen.

E18 gjennom Porsgrunn og Bamble blir stengt i minst 14 månader framover. Folk som bur langs omkøyringsvegen gruar seg og er redde for å få 30 000 bilar i døgnet utanfor dørene.

Ifølgje tal frå Vegvesenet passerte det kvar dag 8500 bilar på Breviksvegen i 2013. Når E18 blir stengt vil det truleg vere mellom 20 000 og 30 000 biler på strekninga kvar dag.

Det er to grunnar til at tunnelane blir stengt. For det første må tunnelane bli oppgradert til ein ny standard for tunneltryggleik. Dette arbeidet er så høgt prioritert at Vegvesenet stenger tunnelane så fort omkøyringsvegane er klare.

I tillegg må tunnelane vere stengt fordi det skal bli sprengt ut nye tunnelar for ein firefelts E18. Dette arbeidet er venta å ta rundt 14 månader, men det er uklart når Nye Veier kjem i gang.

Stenger E18 i Telemark 21. april

Det er sett opp skilt som viser den viktigaste omkøyringsvegen på E18 for dei som kjem frå sør. Det er også laga ei ekstra avkøyring til Høgenheitunnelen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK
Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark