Sjukehuset Telemark i Skien.
Det er ei noko spesiell rettsak som går føre seg i Skien Porsgrunn Tingrett i desse dagar. Det er sett av tre dagar til saka. Og i dag fekk både saksøkars advokat og sjukehuset sin advokat halde sine innleiingsforedrag.
Saka er spesiell fordi ein kan stille spørsmål om det er slik at ei sak kan bli forelda berre sjukehuset klarar å halde tilbake informasjonen lenge nok.
For denne saka startar heilt tilbake til 1973 då den no uføretrygda mannen blei hjarteoperert som den yngste i landet på Ullevål sjukehus berre 27 år gamal. Inngrepet som blei utført var ein såkalla by pass operasjon. Det vil seie det blei operert inn ei frisk blodåre til hjarta til erstatning for ei tett blodåre.
Sivilt søksmål mot sjukehuset
I åra etterpå vart han innlagt 70 gonger for det han trudde var problem med hjarta. Og i tillegg gjekk han på hjartemedisin.
Først i 1999 slo Feiringklinikken fast at det aldri hadde vore noko gale med hjarteårene hans, og det innopererte blodåra var grodd igjen.
Det er tidlegare pasientombod i Telemark, Guro Erikstein, som er advokat for 57 åringen som har gått til sivilt søksmål mot helseforetaket Sjukehuset Telemark.
Erikstein meiner sjukehuset har opptrådd uaktsom og krev at sjukehuset betalar erstatning til sin klient.
Advokaten meiner det er bevist at sjukehuset har halde tilbake informasjon om at bypass operasjonen var unødvendig og feil. Og at legane ved sjukehuset visste dette alt i april 74, kort tid etter operasjonen, men utan å fortelje dette vidare til saksøkaren.
Sjukehuset heldt trass i dette fram med å gje den no 57 år gamle mannen hjartemedisiner.
Meiner erstatningskravet er forelda
Advokaten til sjukehuset Emil Thorkildsen brukte mesteparten av si tid til å grunngje kvifor han meiner erstatningskravet er forelda.
Han viste blant anna til at saka var oppe til doms i Borgarting lagmannsrett, og at saka blei kjent forelda der då saksøkaren reiste sak mot Ullevål sjukehus.
Thorkildsen erkjente at sjukehuset kjente til at by pass operasjonen var unødvendig alt i 1974. Men han bagateliserte det faktum at sjukhuset ikkje hadde gjeve denne informasjonen vidare til 57 åringen.
Han bagatelliserte også dei psykiske påkjenningane den 57 år gamle mannen har hatt ved at han gjekk rundt å trudde at han var hjartesjuk utan å vere det i nesten 25 år.
Denne saka har stor prinsippiell interesse. Og spørsmålet om saka er forelda vil vere heilt sentralt. Sjukehusadvokaten meiner saksøkar fekk vite om at han var feilbehandla i 1995 då han fekk fullt innsyn i pasientjournalen, og at foreldelsesfristen startar herifrå.
Når saksøkar i 1997 vel å gå til sak mot Ullevål sjukehus, og ikkje Telemark Sentralsjukehus, meiner sjukehuset at saka er forelda.