NRK Meny
Normal

Ein person døde i brann i Skien

Ein person er omkomen i ein brann i ei høgblokk i Skien. Femti personar som er evakuert etter brannen i Gamlegrensa blir tatt hand om av krisepersonell.

Brann i Gamle Grensa i Skien

BRANN I HØGBLOKK: Det starta å brenne på baksida i første etasje i ei høgblokk på Gamlegrensa i Skien måndag kveld.

Foto: Theo Aasland valen

Jørn Gustav Larsen

Operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen fortel at politiet etterforskar brannen for fullt.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

SISTE: – Politiet kan nå stadfeste at ein person har omkome i brannen i Gamlegrensa i Skien, seier operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen.

Politiet etterforskar brannen for fullt og kan ikkje sjå bort ifrå at det kan ha skjedd noko kriminelt. Fleire leilegheiter er brannskadd.

Politiet melder at brannen er sløkt, men det blir no arbeidd med å finne mellombels husvære for alle dei som er evakuert etter brannen.

Brann i Gamlegrensa i Skien

Brannskadd leilegheit i Gamlegrensa i Skien

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Det er førebels uklart om nokon andre er alvorleg skadde i brannen. Politiet opplyser at dei evakuerte vil bli innkvartert på ein overnattingsstad i Skien.

Laster Twitter-innhold
Brann i Gamle Grensa i Skien, evakuerte

Politi og brannvesen har evakuert dei som bur i høgblokka i Gamlegrensa i Skien

Foto: Anne Lognvik / NRK

Brannen starta i første etasje

Åsmund Tynning bur i høgblokka og fortel at han gjekk ut på gangen, då han høyrde brannalarmen ule.

– Men eg kunne ikkje kjenne noko til lukt av røyk. Så eg gjekk ned med heisen og då såg eg at det brann på baksida i første etasje.

Tynning bur i sjuande etasje i høgblokka i Gamle Grensa i Skien. Han er ein av dei femti personane som blei evakuert etter brannen.

– Eg visste jo ikkje kor det brann i starten, så det var litt skummelt. Men vi har eit veldig fint system med branndører og heisen verka.

Kjell Ove Sørenmo, er innsatsleiar Grenland Politistasjon.

Kjell Ove Sørenmo, er innsatsleiar Grenland Politistasjon.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Brannen starta i første etasje

Politiet fekk melding om brann klokka 18.20 måndag kveld. Det var melding om røykutvikling, og i ein veranda i første etasje på baksida av høgblokka kom det opne flammar ut.

Desse flammane slo også opp til leilegheita over, men blei sløkt då brannvesenet kom til staden.

– Kvar leilegheit er ei branncelle. Men når folk starta å evakuere seg sjølv, så kunne vi ikkje jage dei inn i igjen. Så vi samla dei som kom ut på ein stad, seier Kjell Ove Sørenmo, innsatsleiar Grenland Politistasjon.

Dei fleste i den oppgangen der det brann blei evakuert.

– Folk blir redde og søker ut. Men det skal ikkje vere nokon fare, fordi husværa i blokka er eigne brannceller. Og vi har kontroll på alle som er ute.

Dei evakuerte blir nå taft hand om av krisepersonale i kommunen. Dei som bur i den oppgangen der det ikkje brann har fått lov til å kome inn igjen i leilegheitene sine.

  • Må koble ut strømmen

    Skagerak nett melder at 12 abonnenter var uten strøm i morges. Flere steder må linjenettet kobles ut for å fjerne is og snø. Selskapet er fremdeles i full beredskap og har tre helikoptre klar som går opp så snart været tillater det.

    strømnett med snø
    Foto: Bjørn Harry Schønhaug
  • Dirigering på Rv. 36

    Lastebilen som havnet i grøfta like ved Helgen, må lastes om før den kan taues bort. Vegtrafikksentralen har ikke fått noe klokkeslett for når dette skal skje, men sier veien blir stengt i ett løp og trafikken dirigert under omlastingen.

    Lastebil i grøfta Rv. 36 Nome
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Krever fire uker varetekt

    En mann fra Grenland blir i dag fremstil for fire ukers varetektsfengsling i Nedre Telemark tingrett. Politiet krever også brev- og besøksforbud. Mannen er siktet for grovt brudd på narkotikaloven.

  • Stengt til fredag

    Bratsbergbanen blir tidligst åpnet fredag 26. januar, sier Harry Koslund i Bane Nor. Årsaken er flere tusen busker og trær som ligger over sporet og kjøreledningen.
    Banen har vært stengt siden snøfallet i forrige uke.

    Bratsbergbana
    Foto: BANE NOR