Hopp til innhold

Etterforskar valdtekt på russetreff

Politiet vil etterforske om den moglege valdtekta på eit russetreff på Sommarland i Bø natt til søndag kan settast i samanheng med andre uoppklara valdtekter på russetreff.

Rødruss

Politiet etterforskar ein mogleg valdtekt på russetreffet i Bø Sommarland i helga.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Politiet i Telemark har starta etterforsking etter at det er meldt ein valdtekt eller eit valdtektsforsøk i forbindelse med eit russetreff i Bø i helga.

Valdtekta eller valdtektsforsøket skal ha skjedd natt til søndag under Landstreff Telemark, melder TV 2.

Russetreffet i Bø blei i helga arrangert for tiande året på rad med 5.000 russ samla i Bø Sommarland.

Skal ha skjedd i skogholt

Dagleg leiar Jørgen Snøås Gustavsen i Landstreff Telemark seier det var innleigd åtte politifolk, samt personell frå eit vaktselskap. Det var også videoovervaking på staden, opplyser han til NTB.

Politiinspektør Torunn Fossli Sæthre seier politiet har fått opplysningar om ein mogleg valdtekt som skal ha skjedd natt til søndag 10. april på eit russetreff i Bø.

– Dette skal ha skjedd rundt midnatt i samband med ein konsert på Sommarland i Bø der bandet Kaskada skulle spele. Det skal ha skjedd ikkje så langt unna konsertområdet nær nokre store russebussar, seier Sæthre.

Den moglege valdtekta skal ha skjedd i skogområdet nær der russebussane stod parkert.

– Dette er utruleg leit, vi jobbar for å lage gode opplevingar for russen i trygge rammer, seier dagleg leiar i Landstreff Telemark, Jørgen Snøås Gustavsen.

Etterlyser mogleg gjerningsperson

Torunn Fossli Sæthre

Politiinspektør Torunn Fossli Sæthre vil gjerne ha tips frå publikum etter mogleg valdtekt på russetreff i Bø.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Politiet ønskjer nå tips frå publikum om nokon har observert ein gut og ei jente i det området som kan vere av interesse for politiet. Dei to gjekk åleine i området bak russebussane i skogholtet

– Vi er interessert i opplysningar rundt ein mogleg gjerningsperson. Han er skildra med nordisk utsjånad, mørk blond i håret, relativt høg, kraftig og muskuløs, ikledd ei mørk blå russejakke, seier Sæthre.

Samanheng med andre russevaldtekter

Politiet har førebels ikkje identifisert ein konkret mistenkt, men Fossli Sæthre seier at det er dette signalementet som har kome fram i avhøyr.

Politiet har gjort tekniske undersøkingar og vil fortsette med avhøyr av vitne. Sæthre seier dei vil etterforske breitt i saka.

– Vi vil også sjå dette i samanheng med andre mogleg uoppklara russevaldtekter frå tidlegare russetreff for å kunne identifisere den mistenkte, seier Sæthre.