Hopp til innhold

50 år gamal mann omkom i husbrann

Ein mann i 50-åra omkom i brann i eit hus i sentrum av Porsgrunn. Det var huseigaren som omkom i brannen.

Omkom i brann i Porsgrunn

Ein person er bekrefta omkomen i ein brann i Porsgrunn sentrum.

Foto: Theo Aasland Valen

– Politiet fekk melding om brannen like før klokka sju om morgonen om brann i ein einebustad i Aalsgate i Porsgrunn, seier operasjonsleiar Ole Jørgen Lund ved Sør-Øst politidistrikt avdeling Telemark.

Då naudetatane kjem fram er det røykutvikling og flammar frå andre etasje i bygningen.

– Brannvesenet tar seg inn med røykdykkarar, og hentar etter kvart ut ein livlaus person som blir bekrefta omkommen.

Huset er ikkje totalskadd i brannen. Men det skulle i utgangspunktet vere ubebodd.

– I følgje våre system er det ingen som er registrert på denne adressa, som vi fann mens vi rykka ut, seier Lund.

Omkom i brann i Porsgrunn sentrum

Det var røykdykkarar som henta ut den omkomne frå huset i Porsgrunn sentrum.

Foto: Theo Aasland Valen

Veit kven den døde er

Politiet arbeidde vidare med å finne ut kven som eig huset, eller kven som disponerer huset.

Og politiet identifierte den avdøde som mannen som eig huset.

– Det var huseigar, ein mann i 50-åra som omkom i brannen. Dei pårørande er varsla, melder politiet på Twitter kl 10.20.

Brannvesenet avslutta sitt arbeid sitt arbeid klokka 08.00 om morgonen.

Huset er skadd i andre etasje der det blei meldt om flammer, men politiet har ikkje oversikt over kor store skadene er.

– Brannen er sløkt, men politiet og brannvesenet jobbar framleis på staden med å avhøyre vitne og andre som bur i området.

Brannårsaka er førebels ikkje kjent.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark